Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Teknikkar for å blande drinkar

Når du jobbar i ein bar, handlar det ikkje berre om å kjenne ingrediensane – teknikkane er like viktige. Med gode råvarer og rette metodar har du eit godt utgangspunkt for eit profesjonelt resultat. Her er dei vanlegaste bartending-teknikkane du bør kunne.

Grunnleggande teknikkar

Bygge i glas

Bygg drinken direkte i serveringsglaset. Hell ingrediensane opp i glaset og avslutt gjerne med ei lett omdreiing med ei barskei for å blande drikken.

Shake

Bruk ein shaker til å riste og blande ingrediensane kraftig saman. Shaking blir brukt når du vil blande drinken og samtidig kjøle han ned og vatne han ut rett.

Tørrshake

Å tørrshake vil seie å riste drinken utan is. Gjer dette når du ønsker å bygge skum i drinken, vanlegvis ved bruk av eggekvite eller andre skummande ingrediensar. Formålet er å piske eggekviten godt slik at drinken får eit tjukt, krema skum, før du wetshakar.

Wetshake

Wetshaking er risting med is. Dette kjøler ned drinken og gir han rette utvatning og tekstur. Drinken blir alltid silt med ein barsil for å unngå få med den brukte isen i glaset. Har du shaka med eggekvite, skal du alltid dobbeltsile med ein finmaska liten sil i tillegg.

Røring

Bygg drinken i eit røreglas med isbitar. Dette gjer du for å kjøle ned drinken, men òg for å mikse han litt meir forsiktig.

Muddling

Bruk ein muddler for presse eller knuse råvarer for å få ut smak og aroma. Denne prosessen er mest knytt til drinken mojito.

Zesting

Bruk ein kniv eller eit zestjern for å lage strimlar av den farga delen av sitrusskal. Sitrusskalet kan du bruke som garnityr, eller du kan presse det for å sleppe ut aromatiske oljar over eller i drinken.

Layering

Ved layering legg du brennevin lagvis i eit glas for å skape ein fin visuell effekt. Blir ofte brukt på ulike shots.

Kantdekorering

Før ei sitrusskive langs glaskanten før du dyppar glaset i sukker eller salt. Sukkeret eller saltet kan blandast med fargestoff eller raspa frukt.

Flambering

Tenn på zest, kanel eller andre produkt som gir drinken ein mild, røykaktig karakter. Du kan òg setje fyr på sjølve brennevinet. Det er viktig å vere forsiktig og vite kva du gjer, for brennevin kan brenne lenge.

Flairing

Dette er ein måte å jobbe som bartender på der du triksar med brennevinsflasker og andre verktøy for å lage eit show for gjesten. Fordelen er ei unik oppleving for gjesten. Ulempa er risiko for knusing og kostnader, og det krev mykje trening.

Skrive av Jeanette Galdal.
Sist oppdatert 28.01.2026