Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Whisky sour

Whisky sour er ein frisk og syrleg drink med eit herleg skumlokk. I denne filmen (lengde 3:55) viser bartenderen deg korleis du kan lage ein alkoholfri variant.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Oppskrift på alkoholfri whisky sour

Ingrediensar

  • 4 cl alkoholfri whisky

  • 3 cl sitronsaft

  • 2 cl sukkerlake

  • 4 cl eggekvite

  • isbitar

Slik gjer du

  1. Ha to isbitar oppi eit lite rocksglas for å kjøle ned glaset.

  2. Hell alkoholfri whisky, sitronsaft, sukkerlake og eggekvite i ein shaker.

  3. For å lage eit fint skum må du først tørrshake ingrediensane nokre sekund utan is, så tilset du nokre isbitar og rister litt til.

  4. No skal du dobbeltsile drinken: Opne shakeren, og plasser ein sil på toppen av han. Plasser ein annan sil i handa, og sil drinken over i det avkjølte rocksglaset.

  5. Garner med litt appelsinzest.

Skrive av Jannike Gausdal.
Sist oppdatert 28.01.2026