Glas

Vel rett glas!
Ein dyktig bartender vel rett glas som forbetrar og framhevar smaken, aromaen, temperaturen, utsjånaden og opplevinga av drikken.
Det finst mange ulike glastypar, og nokre av dei har fleire namn. Her kjem ei beskriving av dei vanlegaste glasa, og kva drikkar dei passar best til.
Shotglas
Lite glas som rommar 2–4 cl. Blir brukt til shots av brennevin som tequila, vodka, sambuca.
Whiskyglas/rocksglas
Lågt, breitt glas med tung botn. Blir brukt til whisky, bourbon, brennevin servert "on the rocks" eller klassiske cocktailar som old fashioned og negroni.
Longdrinkglas/highballglas
Eit høgt og smalt glas som gir god plass til is og blandevatn. Eit allsidig glas som passar til mange ulike drinkar, som mojito, gin tonic og cuba libre.
Ginglas
Eit rundt og stort glas med stilk, blir brukt til gin tonic og andre ginbaserte drinkar. Den store, runde forma gir god plass til is og garnityr.
Hurricaneglas
Eit stort, boge glas med kort stett. Blir brukt til tropiske cocktailar som hurricane, piñja colada og andre fruktige drinkar med mykje is.
Cocktailglas/martiniglas
Eit triangelforma og elegant glas med stett som held drinken kald utan at handa varmar innhaldet. Blir brukt til servering av cocktailar utan is, som martini og cosmopolitan.
Champagneglas/sjampanjecoupe
Det finst to typar glas som blir brukte til champagne og musserande vin: eit lågt, breitt glas med stett som blir kalla champagnecoupe, og eit langt, smalt glas som blir kalla fløyteglas. Fløyteglaset er designa til å halde betre på boblene og blir òg brukt til servering av aromatiske cocktailar med bobler som mimosa og bellini. Coupeglaset blir òg brukt til å servere ulike typar cocktailar som manhattan og daiquiri.

Raudvinsglas
Eit stort og rundt glas med brei opning og høg stett, utvikla for å gi god plass til lufting og frigjering av aroma. Stetten er lang nok til at ein kan halde glaset utan å varme vinen med handa.
Kvitvinsglas
Litt mindre og smalare enn eit raudvinsglas. Den smalare opninga bidreg til å konsentrere aroma og smak og framhevar dermed friskleiken i vinen.
Sterkvinsglas
Blir brukt til sherry, portvin, madeira og andre sterkvinar. Glaset er mindre enn både raudvins- og kvitvinglas, og det har ein kortare stett og smalare opning som konsentrerer aromaene. Den korte stetten er laga slik at vinen kan varmast litt i handflata om ønskeleg.
Brennevinsglas
Eit lite til middels lite glas med kort stett som blir brukt til servering av brennevin som blir servert reint, og som blir drukke i små mengder, som akevitt, konjakk og likørar. Forma kan variere, frå tulipanforma til ballongforma.
Ølglas
Det finst mange ulike typar ølar, og mange ulike typar glas som er utvikla for å gi den beste opplevinga av kvar enkelt øltype. Ølglas finst derfor i ulike former, med og utan stett. Felles er at dei er designa for å framheve aromaen, smaken, skummet og karboneringa til ølet.