Brennevinstypane

Brennevinsstilar
Dei fleste typar brennevin er klare og nøytrale i smaken rett etter destillasjon. Ved lagring på trefat kan både smak, aroma og farge bli forandra – slik vi ser ved produksjon av konjakk, whisky og rom.
Klar brennevin blir gjerne tappa direkte på flaske, men produsenten kan òg tilsetje smaksessens for å skape variantar med smak av til dømes vanilje, appelsin, bringebær eller lime.
Klassiske typar brennevin
Vodka
Blir vanlegvis laga av potet eller korn og har ein nøytral smak og klar farge. Alkoholstyrken ligg som regel på rundt 40 %. Vodka blir ofte brukt som base i drinkar og finst òg i smaksette variantar.
Gin
Blir hovudsakleg produsert av potet, korn eller sukkerbete (melasse) og må ifølge lova setjast smak på med einebær. Alkoholinnhaldet er som regel minst 37,5 %. Mange produsentar tilset òg urter, frukter og blomstrar for å skape sin eigen stil. Gin blir ofte servert blanda med tonic.
Dei fem hovudtypane av gin er
- London dry gin
- tørr, med tydeleg einebærpreg (treng ikkje vere produsert i London)
- botanical gin
- rik på urter, frukter og blomstrar – varierer mellom land og regionar
- pink gin
- fruktig og gjerne litt søtleg
- sloe gin
- blir laga som ein likør, basert på slåpebær
- fatlagret gin
- lagra på trefat for meir kompleks smak

Akevitt
Tradisjonelt produsert i Skandinavia, basert på korn eller potet. Akevitt må innehalde minst 37,5 % alkohol og kan vere både blank og fatlagra. Han er krydra, vanlegvis med karve eller dill, og blir ofte drukken rein til tradisjonelle rettar som lutefisk, spekemat og julemat – gjerne som ein digestif etter måltidet. Akevitt er mest relevant i nordisk samanheng.
Whisky
Blir laga av korn og blir alltid lagra på fat. Skottland og Irland er dei mest kjende produsentane, men mange andre land lagar no whisky av høg kvalitet.
Whisky har ofte ein røykprega aroma og blir lagra i mange år for å utvikle smak. Alkoholstyrken etter destillasjon er gjerne rundt 70 %, men blir redusert før tapping til cirka 40 %. Whisky blir oftast drukken rein, men blir òg brukt i drinkar der ein ønsker eit røykpreg.
Rom
Blir produsert av sukkerrøyr (melasse), hovudsakleg på dei karibiske øyane. Det finst både blank rom, som er ulagra og mild, og mørk rom, som er lagra på eikefat og får meir kompleks smak.
Blank rom blir ofte brukt i drinkar, gjerne smakstilsett med frukt eller sitrus, mens fatlagra rom gjerne blir drukken rein.
Konjakk
Konjakk, som whisky, er eit verdskjent produkt. Han blir laga av vin basert på druer og blir alltid lagra på eikefat. Produksjonen blir regulert strengt – både når det gjeld druetypar, opphavsområde og lagringstid.
Konjakk har rundt 70 % alkohol når han blir lagt på fat, men blir vanlegvis tappa ved cirka 40 %. Når han først er på flaske, stoppar modningsprosessen. Det finst både tørre og søtlege variantar. Konjakk blir ofte drukken rein, servert som avec til kaffi eller brukt i klassiske cocktailar.
Tequila
Blir produsert i Mexico og må innehalde minst 51 % blå agave (ein plante i aloe-familien).
Tequila finst både som klar og fatlagra variant. Den klare er meir nøytral, mens den lagra har rundare og rikare smak. Alkoholstyrken ligg som regel mellom 35 og 55 %. Tequila blir brukt både i drinkar, som margarita, og som shot.
Likørar og bitterar – viktige i drinkar
Likørar
Likørar er søte brennevinsprodukt smaksette med frukt, urter, nøtter eller krydder. Dei blir brukte for å gi søte og smak i drinkar.
Vanlege likørar i bar er Cointreau / Triple Sec (appelsin), Amaretto (mandel), Kahlúa (kaffi) og Baileys (fløyte og whisky).
Bitterar
Bitterar er brennevin med smak frå urter og krydder, ofte med tydeleg bitterheit. Dei blir brukte i små mengder for å gi balanse og kompleksitet.
Vanlege bitterar er Angostura, Campari, Aperol og Fernet-Branca.
Alkoholfritt "brennevin"
Det finst i dag fleire variantar av alkoholfritt brennevin. Desse er laga for å etterlikne smaken og aromaen av tradisjonelt brennevin, men utan alkohol. Dei blir ofte laga ved hjelp av urter og krydder, og dei blir brukte som eit alkoholfritt alternativ i klassiske drinkoppskrifter.