Sider til mat

Enkle tips for å velje sider til mat
Når du skal setje sider til mat, kan du leite etter like smakar i sideren som i maten. Det kallar vi aromamatch. Du kan òg bruke sider til å tilføre maten noko han manglar. Då seier vi at drikken komplementerer maten.
Sider til mat er eit nytt og spennande alternativ til vin og øl, og mange smakskombinasjonar er endå ikkje prøvde.
Det finst òg mange typar alkoholfrie sidrar som passar fint til ulike rettar.
Nokre generelle tips
Det bør vere litt meir søtleik i sideren enn i maten.
Mat med søtleik liker sider med søtleik.
Syrleg mat liker sider med syre.
Sterk mat liker sider med søtleik og lågt alkoholinnhald.
1. Frisk og fruktig sider
Desse sidrane er lette og ofte litt søte eller syrlege.
Passar til skaldyr, fisk, sushi, friske salatar, grilla grønsaker og som aperitiff.
2. Tørr sider
Tørre sidrar har mindre søtleik og ofte meir syre, noko som gjer dei gode til feit og syrleg mat.
Passar til steikt eller grilla kjøtt som lam og kylling, til svineribba til jul og til krema pasta.
3. Fatlagra sider
Desse sidrane har ofte meir fyldig smak med hint av vanilje, krydder og røyk.
Passar til kraftige rettar som raudt kjøtt, vilt og røykt mat.
4. Sider til dessert
Søtare eller fruktige sidrar blir ofte serverte til dessertar.
Passar til fruktdessertar, eplekake, karamellpudding og paiar.