Sidersmaking

Sider – vurdering
Når vi smaker på sider, vurderer vi dei ulike eigenskapane til sideren som smak, lukt, farge, tekstur og balanse. Dette kan gjerast i kontrollerte miljø i laboratorium, som hos NIBIO i Hardanger, og i meir uformelle settingar av entusiastar og ekspertar, kjende som pommelierar. No har de høve til å bli flinke til å vurdere smakar.
Hugs følgande før de tek til:
Smak er personleg. Ver open for ulike opplevingar, og prøv å utforske ulike typar sider.
Vis respekt for produktet. Det ligg mykje arbeid bak, så prøv å finne det gode i kvar sider.
Unngå sterke dufter. Ikkje bruk parfyme, leppepomade eller parfymert hudkrem før smakinga, for det kan påverke kva de luktar og smaker.
Sørg for at rommet har godt lys.
Bruk glas som er luktfrie og heilt reine.
Alkoholfri sidersmaking, steg-for-steg
Førebuingar
Utval av sider
Vel ulike typar alkoholfri sider som representerer ulike stilar – til dømes rein eplesider, smakstilsett, økologisk og liknande. Dette gir variasjon for samanlikning.
Glas
Bruk klare, reine vinglas for å sjå fargen og lukte aromaene.
Temperatur
Server sidrane ved 8–10 °C.
Spyttebakke
Ha ein kopp eller liknande tilgjengeleg for å spytte ut i.
Notat
Noter inntrykka dine i ei notatbok eller eit smaksskjema. Nedst på denne sida finn du eit skjema klart til bruk.
Smakshjul
Det kan vere lurt å ha eit smakshjul tilgjengeleg for å hjelpe deg med å beskrive smakane. Eit smakshjul er eit visuelt verktøy som hjelper oss med å identifisere og beskrive dei ulike smakane og aromaene vi kan oppleve under smakinga. Smakshjulet er delt opp i ulike kategoriar som kvar representerer spesifikke smaksnotar og dufter. Ved å bruke smakshjulet kan du trene smakslaukane dine og forbetre evna til å kjenne igjen og beskrive smakar.
Observasjonar under smakinga
1. Visuell vurdering
Sjå på farge og klarheit. Er han klar eller uklar? Kva farge har han? Er han lys gul, ravfarga eller kanskje med eit hint av grønt? Fargen kan gi eit hint om det er berre eple som er brukt, og om sideren har vore lagra.
Noter klarheit, farge og eventuelle bobler viss han er musserande.
2. Lukt (aroma)
Rull glaset for å frigjere aromaene, og lukt på sideren. Kva kan du kjenne? Er det fruktige dufter som eple, pærer eller sitrus? Eller er det krydder, urter eller bær?
Noter fruktigheit og andre aromaer.
3. Smak (munnkjensle)
Ta ein liten slurk og la smaken spreie seg i munnen. Korleis kjennest han? Er han søt, syrleg eller bitter?
Vurder søtleik og syre.
4. Ettersmak
Kva sit igjen etter at du har spytta? Er smaken vedvarande, eller forsvinn han raskt?
Noter lengda på ettersmaken og eventuelle restar av søtleik eller syre.
5. Heilskapsvurdering
Korleis er balansen mellom søtleik og syre? Er smaken kompleks eller enkel?
Vurder kvaliteten på sideren og om han passar med din personlege smak.

Smaksskjema
Under finn du eit døme på eit ferdig utfylt smaksskjema og eit skjema som er gjort klart for nedlasting og utfylling. Lykke til med smakinga!