Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Smakstest av sider og mat i kombinasjon

I denne oppgåva skal de utforske korleis ulike alkoholfrie sidrar passar til ulike rettar. De skal analysere smakane kvar for seg og i kombinasjon og reflektere over kva som fungerer godt saman – og prøve å finne ut kvifor.

Utstyr og ingrediensar

Forslag til sidrar

  • alkoholfri sider laga på berre eple

  • alkoholfri sider smaksett med bær, til dømes bringebær

  • alkoholfri sider smaksett med til dømes humle, blomstrar eller urter

Forsal til rettar

  • krema fiskesuppe

  • røykelaks med eggerøre og toast

  • kjøttkaker i brun saus med ertestuing og potetar

Gjennomføring

  • Lag dei tre rettane på kjøkkenet.

  • Smak først på kvar av sidrane og beskriv smakane. Er han til dømes søt, syrleg eller kjenner du andre smaksaromaer?

  • Smak deretter på retten åleine og vurder smaksprofilen. Det vil seie om han er søt, salt, syrleg eller har andre framståande smaksaromaer.

  • Kombiner sider og mat: Ta ein slurk sider, deretter ein bit av maten og så ein ny slurk sider.

  • Noter korleis smakane påverkar kvarandre.

Vurder kombinasjonane

  • Kva sider passa best til kvar rett, og kvifor?

  • Var det nokon kombinasjonar som ikkje fungerte? Kva gjorde at dei ikkje harmonerte med kvarandre?

  • Konklusjon: Kva har de lært om sider og mat i kombinasjon?

Ekstra utfordring

Prøv å justere retten litt ved å til dømes tilsetje meir syre, søtleik eller feitt for å sjå om det påverkar kor godt han passar til sidrane.

Skrive av Bente Iren Vonheim.
Sist oppdatert 28.01.2026