Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Framstilling av sider

Produksjonen av sider skjer på ein måte som liknar på vinproduksjon. Den viktigaste forskjellen ligg i råvarene som blir nytta. Mens sider blir laga av eplejus, er det druejus som blir brukt i vinproduksjon, og som går gjennom gjæringsprosessen.

Val av eple

Epla som blir brukte til å lage sider, speler ei veldig viktig rolle for smaken og kvaliteten på den ferdige drikken. I Noreg er det vanleg å bruke dei same epla som vi et. Du har kanskje smakt og høyrt om aroma, discovery, summerred eller gravenstein? Dette er dei fire mest brukte epla til sider i Noreg. Nokre land bruker spesielle sider-eple. Målet med val av eplesort er å få eit balansert forhold mellom søtleik, syre og tannin som gir sideren sin karakter.

Frå eple til sider på flaske

Det finst fleire måtar å produsere sider på, avhengig av teknikkar, råvarer og ønskt resultat. Prosessen som blir beskriven her, er ein vanleg framgangsmåte, og han går føre seg i sju trinn:

1. Hausting og førebuingar

Epla blir plukka for hand i Noreg når dei er modne. Dei blir deretter vaska for å fjerne jord og andre ureinskapar.

2. Kverning

Etter vasken blir epla kverna før dei blir pressa.

3. Pressing

Eplemassen vi får etter kverning, blir så pressa for å trekke ut safta. Dette blir vanlegvis gjort med ei eplepresse, ho kan vere manuell eller mekanisk. Safta som kjem ut, blir kalla eplesaft eller eplejus, og dette er denne som skal gjærast for å lage sider.

4. Klaring

Før eplejusen blir sett til gjæring, blir han ofte klara. Det vil seie at ein fjernar partiklar som kan gi sideren uønskt smak.

5. Gjæring

Eplesafta blir deretter sett til gjæring. Dette kan bli gjort med naturleg gjær som finst på epla, eller vi kan tilsetje ønskt kommersiell gjær for å kontrollere prosessen betre. Gjæringa skjer i ein gjæringstank, der det blir danna alkohol i safta når gjæren bryt ned sukkeret i safta. Gjæren gir òg smak og aroma til sideren.

Gjæringsprosessen kan ta alt frå eit par veker til fleire månader, avhengig av temperatur og ønskt resultat.

6. Lagring og modning

Etter at gjæringa er ferdig, får sideren gjerne kvile eller modnast i nokre månader. Denne modninga skjer ofte i store ståltankar eller eikefat. Modningstid er viktig for å utvikle dei rette smakane – her kan ein justere både smak og klarleik ved hjelp av teknikkar som filtrering eller små justeringar av sukkerinnhald.

7. Karbonisering og tapping

Når sideren er ferdig gjæra og har modna, blir han vanlegvis tappa på flasker. Mange produsentar tilset karbondioksid etter tapping for å få bobler, mens nokre har fått naturlege bobler ved at gjæren gir CO2 under gjæringsprosessen. Det finst òg stille sider, det vil seie at han er utan bobler.

Skrive av Bente Iren Vonheim.
Sist oppdatert 28.01.2026