Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Kva er sider?

Sider er ein forfriskande drikk med djupe røter i norsk tradisjon. Denne eplebaserte drikken har utvikla seg frå husmannsproduksjon til ein anerkjend industri. Mange tenker kanskje på den butikkjøpte varianten når dei høyrer ordet sider, men her skal du få lære meir om det vi kallar handverkssider.

Sider blir laga av eple

Produksjonen av sider skjer på ein måte som minner om vinproduksjon, men det er ein viktig forskjell når det gjeld råvarene. Sider blir laga av eplejus, mens vinproduksjon nyttar druejus som går gjennom ein gjæringsprosess.

Siderens historie

Sider har lange tradisjonar i landet vårt, og vi ser no ei ny bølge med produsentar og produkt og ein auke i salet. Du vil få lære meir om årsakene til dette. Men først litt om historia til sideren.

Tradisjonelt vart sider laga for å utnytte fruktavlingane i dei områda der fruktdyrking var mogleg, som til dømes i Hardanger. Sider og fruktvin var populære drikkar i Noreg på slutten av 1800-talet, og det var ikkje uvanleg at det var prestefruer som laga og selde fruktvin og sider på den tida. Derfor kan du finne oppskrifter på fruktvin og sider i gamle kokebøker. I dei kan du lese at det var viktig å bruke opp all frukta dei hadde, og at å lage vin vart sett på som ein måte å konservere frukta på.

Hardangar – Noregs siderhjarte

Hardangar er kjend som "hjartet til sideren", og det er her mange av dei beste norske sidrane blir produserte i dag. Klimaet i regionen, med eit mildt og fuktig vêr, gir gode forhold for epledyrking. På 1800-talet var Hardanger eit senter for fruktdyrking. I denne perioden vart sider ofte produserte på gardane som ein del av hushaldet, men òg som ei lokal handelsvare. Det var eit handeverk der kunnskapen vart overlevert gjennom generasjonar, og produksjonen gjekk føre seg i små, ofte uformelle bryggeri i kjellarar rundt om på gardane.

Frå husmannsbruk til industri

På byrjinga av 1900-talet vart siderproduksjon meir industrialisert i Noreg, og etter kvart har sider blitt produserte i større skala ved hjelp av moderne teknologi. I 2024 vart det selt 350 000 liter sider på Vinmonopolet, og vi finn rundt 100 produsentar i landet vårt.

Den moderne siderkulturen

Dei siste tiåra har interessa for sider auka betrakteleg i Noreg. Noko av grunnen er at vi har fått meir fokus på handverksproduksjon, lokale råvarer, berekraft og tradisjonelle metodar. Det har òg blitt meir populært å drikke sider som eit alternativ til vin eller øl. Norsk sider har eit godt rykte internasjonalt, og fleire produsentar har fått prisar for produkta sine.

I dag er sider ikkje berre ein tradisjonell drikk, men òg ein moderne trend, og det finst eit mangfald av variantar å velje mellom. Det blir arrangert siderfestivalar fleire stader i Noreg, der folk kan smake på ulike typar sider og lære meir om produksjonsprosessen. Det har òg komme fleire siderbarar, der folk kan få eit godt utval av norske og internasjonale sidrar. På restaurantar har dei begynt å tilby siderkart eller ein sidermeny til maten.

I 2024 vart verdas første pommelierutdanning starta i Hardanger. Ein pommelier er ein siderkjennar. Studentane må gå eit år ved Fagskulen Vestland for å få tittelen pommelier. Dei får òg ei gulleple-nål som bevis på at dei har teke utdanninga.

Det blir no snakka om starten på "sidereventyret". Det er ein drikk som held fram med å utvikle seg, og det kjem nye produkt kvart år. Det blir sagt at "den beste sideren er enno ikkje laga"!

Tenk over

  1. Kva rolle har sider hatt i norsk kulturhistorie, og korleis kan han framleis vere relevant i samfunnet i dag?

  2. Kva faktorar har bidrege til den auka interessa for handverkssider dei siste tiåra? Korleis er dette knytt til tema som berekraft og lokal produksjon?

Kjelder

Nationen. (2025, 10. januar). Applaus for norsk alkohol. https://www.nationen.no/norsk-eplesider-og-fruktvin-vokser-pa-vinmonopolet/o/5-148-665686

Vinmonopolet. (u.å.). Salgstall 2024. Henta 10. januar 2025 frå https://www.vinmonopolet.no/content/salgstall/salgstall-2024

Skrive av Bente Iren Vonheim.
Sist oppdatert 28.01.2026