Hummar

Utbreiing og levevis
Den europeiske hummaren er eit av dei største krepsdyra våre. Han veks seint, berre 2–3 cm per år, og hoene blir først kjønnsmogne når dei er om lag 23 cm store. Hummaren trivst berre på grunt vatn ned mot 40 meters djup, og vil ha fjell- og steinbotn der han kan finne gode gøymestader.
Hummaren lever av muslingar, skjel, kråkebollar, mark og død fisk. Hummaren gyter om sommaren, og hoa ber rogna vinteren over til klekking i juni–juli eitt år seinare. Larva sym omkring i cirka 3–4 veker og byter skal fleire gonger inntil ho søkjer seg ned mot botnen. Då har ho vorte om lag 18 mm lang.
Tillagingsmetodar
Hummar er ei flott råvare som kan lagast til på ulike måtar. Mange føretrekkjer å koke hummaren og servere han naturell med berre litt majones og sitron på ei skive ferskt brød.
Du kan òg steikje eller grille hummaren – eller gratinere han med eit godt kryddersmør. Ei anna moglegheit er å nytte kjøtet til farse og lage fine mousselinar til forrett. Eventuelt kan du lage hummarfrikassé eller hummarsuppe.
Hummarskal er ypparleg å koke kraft på.
Film: Tillaging av hummar
I denne filmen (lengde 7:47) møter du sjømathandlaren Thomas, som viser deg alt du treng å vite om hummar. Du lærer korleis du skal avlive hummaren på korrekt måte og fleire spennande måtar å lage han på.
Sesong
Hummarfisket er strengt regulert for å få opp bestanden. Den norske hummarsesongen er frå 1. oktober til 31. desember (med nokre lokale unntak). Du kan elles få tak i fersk hummar heile året, men då er han importert. Når du kjøper fersk hummar, skal han alltid vere levande.
Næringsinnhald
Hummar har mykje vitamin B12 og vitamin E i tillegg til sink.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.
Relatert innhald
Nettside hos fiskeridir.no