Taskekrabbe

Levevis og reproduksjon
Krabba livnærer seg av død fisk, musling og mark. For å knuse harde skal er krabba utrusta med ei form for tenner i magesekken. Vi veit ikkje kor gammal ei krabbe kan bli. Hoa har breiare haleklaff enn hannen, mens hannen har flatare ryggskjold og større klør.
Krabba gyter om hausten etter at ho er vorten kjønnsmoden, vanlegvis frå femårsalderen. Hoa ber egga med seg under halen gjennom vinteren til dei blir klekte på sommaren. Krabbelarvane driv omkring i havet dei første fire til seks vekene, før dei slår seg ned på botnen.
Fangst og fangstreiskapar
Krabbefangsten går i hovudsak føre seg på hausten og vinteren sidan kvaliteten då er best. Krabba blir fanga med teiner eller garn og blir også teken som bifangst.
Bruk
Krabba blir seld levande, kokt, reinsa i skal, djupfryst eller hermetisk. Kokt krabbe blir nytta naturell, men ho kan òg lagast til i eigne retter eller som tilbehøyr til andre sjømatretter. Prøv ein rømmedressing med urter og chilipepar som variant til majonesen når du skal servere krabbe naturell.
Film: Tillaging av krabbe
I denne filmen (lengde 6:05) viser sjømathandlaren korleis du avlivar, kokar, reinsar og førebur krabba til eit måltid.
Næringsinnhald
Krabbe er ei god kjelde til vitamin B12, selen og sink.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysingar om næringsinnhaldet.
Med andre ord:
Latin: Cancer pagurus
Engelsk: brown crab
Fransk: tourteau
Tysk: Taschenkrebs, Kurzschwanz-Krebs