Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Reker

Reker finst i kalde havområde i det nordlege Atlanterhavet, blant anna i Skagerrak, langs norskekysten, i Barentshavet og ved Svalbard og Grønland. Den raude djupvassreka er den viktigaste kommersielle arten i Noreg. Ho livnærer seg av mindre krepsdyr og makk.

Film: Reker

I denne filmen (lengde 1:42) kan du lære om reker: kjenneteikn, reinsing og korleis ein kan lage til kokte reker.

Tillaging av reker. Video: Terje Røssland / CC BY-NC-SA 4.0

Djupvassreka likar seg best i kaldt vatn og kan enkelte år vere heilt forsvunnen frå rekefelta i sør, noko som oftast heng saman med at temperaturen er vorten for høg.

Reka byrjar livet sitt som hann, og når ho er to–fire år, skiftar ho kjønn til hoe. Dei parar seg om hausten, og horeka ber rogna under bakkroppen gjennom vinteren. På våren oppsøkjer rekene grunnare vatn der larvane blir klekte. Ein reknar med at ei reke kan bli seks år gammal.

Fangst og fangstreiskapar

Reketråling skjer i Skagerrak, langs kysten og i fjordane med mindre fartøy, medan fisket i Barentshavet og ved Svalbard og Grønland for det meste blir drive av store trålarar. Rekene blir behandla i forskjellig grad og blir leverte både ferske og frosne til landindustrien og til direkte eksport. I Skagerrak og til dels i Nordsjøen blir det tråla etter reker med mindre reketrålarar.

Fisket er i dag strengt regulert gjennom kvotar og tekniske krav til reiskapar. Nokre område kan bli stengde i periodar. Kor mykje reker det er, blir påverka både av kor mykje det blir fiska og av miljøet i havet. Havtemperaturen spelar særleg ei viktig rolle.

Bruk

Reker blir selde kokte med skal (ferske eller frosne), reinska frosne, lettkonserverte i lake eller marinerte. Reker blir nytta eller i ulike kalde og varme retter. Ver forsiktig med å varme opp kokte reker – det må i tilfelle skje raskt.

Næringsinnhald

Reker er ei mager proteinkjelde og inneheld svært lite fett. Dei er ei god kjelde til vitamin B12 og inneheld også vitamin A og E og noko vitamin D.

I tillegg inneheld reker mineralar som jod og selen.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Med andre ord:

latin: Pandalus borealis

engelsk: deepwater prawn

fransk: crevette nordique

tysk: Tiefseegarnele

Skrive av Trine Merethe Paulsen. Rettshavar: Norges sjømatråd.
Sist oppdatert 26.06.2026