Ein deig med mykje vatn - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Ein deig med mykje vatn

Mange faktorar speler inn når det gjeld om brødet vi lagar, blir saftig. Mengda vatn i forhold til mengda mjøl er éin av desse faktorane. Her viser bakarmeister Knut korleis vi lagar eit brød med mykje vatn. Dette er ein av fleire filmar i ein serie som handlar om kunsten å bake brød.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Ein deig med meir mjøl vil gi eit tørrare brød enn ein deig med meir vatn og mindre mjøl. Når vi reknar ut kor mykje vatn vi har i forhold til mjøl, reknar vi i prosent. Eit brød med 100 prosent vatn vil seie at det er like mykje vatn og mjøl.

Skrive av Einar Martin Kålen og Knut Hammeren.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2020