Oppstalling og stell av ungdyr

Oppstalling
Storfe skal alltid ha tilgang til ein behageleg, tørr, rein og trekkfri liggeplass. For oksar kan du lempe litt på denne regelen etter kalveperioden, og du kan setje oksane i bingar med drenerande golv i heile bingen.
Bås eller lausdrift?
Det er forbode å ha kalvar fastbunde, men du kan setje ungdyr over seks månader på bås. Kravet om at alt storfe skal vere oppstalla i lausdrift gjeld allereie, unntaket er viss du har eit gammalt båsfjøs. Då kan dyra stå på bås i nokre år til på grunn av overgangsreglar.
Viss du har oksane på bås, skal dei ha tett golv i fremre del av båsen, sånn at berre bakre halvdel av båsplassen har drenerande golv.
Visste du at ...
Kravet om lausdrift for alt storfe trer i kraft frå 1. januar 2034? Det vil seie at viss du har eit gammalt båsfjøs, må du bygge om til lausdrift før 2034 viss du framleis skal drive med storfe.
Bingestorleik og plassbehov
Ungdyr som er oppstalla i fellesbinge, skal ha så stor liggeplass at alle kan ligge samtidig. Du finn rettleiande mål for plassbehov i rettleiaren frå Mattilsynet. Der er det òg oppgitt kva krav som blir stilte til luftegardar og på fôringsplassar ute. Til dømes skal det vere fast dekke under fôringsplassar og sterkt belasta område. Permanent fôringsplass skal òg ha tak.
Fanghekk
For å sikre deg at du kan setje fast (fiksere) ungdyra når du treng det, bør du ha fanghekk eller fangbåsar i bingane. Sjølv om dei er oppstalla i lausdrift, vil du ha behov for å setje dei fast i ulike situasjonar, til dømes ved dyrlegebehandling eller klipping.
Sjukebinge
Du må alltid ha ein eigna plass der du kan plassere dyr som treng skjerming frå resten av flokken på grunn av sjukdom eller skade.
Klima og miljø
Klimaet i fjøset skal vere tilpassa dyra, både i isolerte og uisolerte fjøs. Derfor skal det vere ventilasjonssystem som regulerer luftfukt og temperatur og sikrar luftkvaliteten.
Lys
Dyra skal ha dagslys som svarer til utelyset på dagtid, og det skal òg vere mogleg med styrt belysning. Dyra skal ikkje ha dagslys heile døgnet, men du kan ha på eit svakt nattlys.
Støy
Dyra skal ikkje utsetjast for unødig støy, og støynivået skal aldri vere så høgt at det plagar dyra. Unngå derfor varig støy på meir enn 65 dB.
Gassar og støv
Sørg for at det ikkje kjem giftige gassar inn i husdyrrommet, til dømes hydrogensulfid (H2S) ved omrøring og utkøyring av husdyrgjødsel. Pass òg på å halde støvmengda nede, og unngå forureining frå andre kjelder (til dømes skjemt fôr), for å unngå auka risiko for skade eller sjukdom. Du finn meir stoff om dette under relatert innhald.
Utegong
Viss du har ungdyra ute, skal dei ha tilgang til ein liggeplass som er beskytta mot vêr og vind. Minimumskravet er tre tette veggar og tak, og dessutan moglegheit for å tette med ein fjerde vegg viss vêret eller andre forhold tilseier at det trengst. Liggeplassen skal vere tørr og godt drenert, og han skal dekkast med halm eller anna strø for å sikre at dyra held seg tørre og varme.
Stell
Ungdyr som står inne, skal ha tilsyn minst to gonger om dagen, og viss dei går ute, skal dei ha tilsyn minst ein gong per dag. Ungdyr som går på utmarksbeite, bør ha tilsyn minst to gonger i veka, og oftare ved behov.
Når dyra står inne, må du sørge for godt reinhald i bingane og passe på at dei har nok fôr. Det er òg viktig å sjekke drikkekar og fjerne skit og lort som kan ha samla seg der.
Dyra skal vere så reine som mogleg, og det skal ikkje vere klumpar eller "kaker" av skit på dei. Dei kan få sår og svimerke i huda viss dei er veldig skitne, og i verste fall blir det òg betent. I tillegg vil dei fryse viss dei er skitne og våte.

Klauvstell
Klauvene til dyra skal undersøkast regelmessig og klippast ned på kunnig måte ved behov. Kor ofte du skal ha klauvskjering, må du vurdere ut frå det generelle behovet og for kvart individ. Du bør normalt skjere klauvene ein til to månader før beiteslepp, så solen rekk å vekse ut igjen før du slepper ut dyra. Feilstilte eller forvaksne klauver kan føre til store smerter, og dyret begynner å halte. Når det er vondt å gå, vil dyra ligge mykje, noko som igjen fører til at dei ikkje får i seg nok næring.
Klipping
For å hjelpe dyra med å halde seg reine er det eit godt tiltak å klippe dei når du set dei inn i fjøset etter ein lang beitesommar. Dyra kan ofte vere litt nervøse, så det er best å setje dei fast for å unngå at dei skadar deg når dei prøver å komme unna.
Samtidig som du klipper dei, er det lurt å sjekke om dei har lus, sånn at du kan behandle dei som treng det.

Miljøberiking
Det blir ikkje stilt krav om miljøberiking til ungdyr, men viss dei får høve til å bruke ei kløbørste, er dette noko dei koser seg med! Det er òg ein fordel for deg at dyra får høve til å pusse seg og halde pelsen fri for møkk og støv på eiga hand. Men du bør uansett bruke litt tid saman med dei for at dei skal bli tamme og vane til handtering, og dei vil setje pris på at du børstar og pussar dei litt ekstra.

Oppgåver
Refleksjonsspørsmål
Kva for nokre spesifikke krav blir stilte til uteareal og liggeplass for ungdyr som går ute?
Kor ofte må du undersøke klauvene til dyra, og kor ofte bør klauvene bli klipte ned? Kvifor er klauvstell viktig?
Kvifor er det viktig å klippe dyra, og kva område bør du prioritere ved klipping?
Kva krav blir stilte til luftkvalitet, temperatur og belysning i fjøset, og kvifor er dette viktig for dyrevelferda?
Kva slags tilsyn og stell må ungdyr som står inne, ha, og kvifor er dette viktig?
Relatert innhald
På et gardsbruk kan det finnes mange skadelige stoffer som vi må beskytte oss sjøl og dyra våre mot.
I tillegg til bakteriar og virus finst det fleire andre bitte små skapningar, mellom anna sopp, algar, slimdyr, flagellatar, sporedyr og flimmerdyr.