Kjøp og sal av kalv og ungdyr

Livdyromsetning
Ved omsetning av dyr vil det alltid vere ein viss fare for smittespreiing, derfor har kjøttbransjen laga eigne retningslinjer som du må setje deg inn viss du skal kjøpe eller selje storfe.
Livdyrformidlarar
Viss du går inn på nettsidene til Nortura, andre slakteri eller dei ulike raselaga, kan du finne oversikt over tilgjengelege dyr. Du bør òg ta kontakt med ein av desse organisasjonane viss du ønsker å selje livdyr, sidan dei har oversikt over kva krav til dokumentasjon som blir stilte i samband med salet.
Dokumentasjon
For å redusere faren for smittespreiing og sikre dyrevelferda blir det stilt krav om godkjend livdyrattest for dyr som skal seljast. Denne attesten skal innehalde det følgande:
Buskapsattest og individattest som blir generert frå data i husdyrkontrollane. Opplysningar om helsestatus, klauvhelse og jurhelse (der det er relevant) inngår her.
Eigenerklæringar for buskapen og individet skal fyllast ut av deg som skal selje. Desse skal innehalde namnet og produsentnummeret til seljaren og talet på dyr med individnummer. Du må i tillegg stadfeste at
det ikkje har vore teikn på smittsam sjukdom i besetninga dei siste 14 dagane før flytting
dyra som skal flyttast, har opphalde seg meir enn 30 dagar i besetninga før flytting (Her er det unntak for dyr som er fødde i besetninga.)
besetninga ikkje har fått klauvdyr (drøvtyggarar, svin eller kameldyr) frå andre
besetningar, fellesbeite eller dyresamlingar dei siste 14 dagane
besetninga ikkje er pålagd offentlege restriksjonar
Veterinærattest (helseattest) frå ein veterinær som stadfester at opplysningane i buskapsattesten, individattesten og eigenerklæringa frå bonden er korrekt.
Å selje eller kjøpe kalv og ungdyr handlar altså ikkje berre om handel – det handlar òg om å ta vare på dyra og drifta di. Med rett dokumentasjon og god planlegging gjer du jobben tryggare og enklare for alle partar.
Relatert innhald
Nettside hos medlem.nortura.no