Fôring av oksar

Driftsopplegg
Viss du driv med storfe, må du ta stilling til om du skal fôre fram oksekalvane til slakt, eller om du skal selje dei som livdyr. Nokre få av oksekalvane blir kjøpte av avlsorganisasjonane (GENO og TYR), men dette gjeld berre kalvar med svært god avstamming og gode gen.
Mjølkeproduksjon
Mange bønder som har mjølkekyr, vel å behalde oksane til dei blir slaktemodne, og så sende dei til slakt. Andre satsar på å klare seg med inntektene frå mjølkeproduksjonen og sel oksekalvane etter kalveperioden.
Kjøttproduksjon
Viss du driv spesialisert kjøttproduksjon, må du hente ut inntektene dine frå slakteriet. Då er det ikkje så aktuelt å selje kalvane, for du vil tene meir på å fôre fram oksane til dei er slaktemodne.
Utviklingsstadium
Planlegg kva du skal bruke kalven til, heilt frå fødselen, sånn at du kan tilpasse fôring og stell.
Kalveperiode

Kalveperioden varer frå fødselen og fram til kalven blir avvend frå mjølk, og lengda på perioden vil dermed variere for kalvar i ulike driftsopplegg.
Kalvar i mjølkeproduksjon blir som regel avvende når dei er to til tre månader gamle, men det er viktig at dei et nok kraftfôr før du sluttar å gi dei mjølk.
Ammekalvar i kjøttproduksjon går med mora og drikk mjølk til dei er seks til sju månader, og då har dei allereie ein godt utvikla drøvtyggarfunksjon.
Frå cirka tre til tolv månader
I denne perioden har kalvane det største vekstpotensialet, og for å utnytte vekstevna er det viktig at dei får grovfôr med høgt næringsinnhald. Du bør alltid ta analysar av grovfôret ditt, sånn at du kan velje det kraftfôret som passar til akkurat ditt grovfôr. Slik kan du sikre at oksane får i seg dei næringsstoffa dei treng, og veks godt.
Oksane veks mest i i tida omkring kjønnsmodning, når dei er åtte til tolv månader gamle. For å utnytte dette vekstpotensialet er det viktig at du følger med på dyra og har kontroll på vektutviklinga.
Hugs!
Sørg for at oksane alltid har tilgang til grovfôr, det skal aldri vere tomt på fôrbrettet! Samtidig må du hugse på at dei et mindre viss fôret blir liggande for lenge, så for å få dei til å ete mest mogleg må du legge ut nytt fôr minst eit par gonger om dagen.

Sluttfôringsperiode
Etter kjønnsmodning vil tilveksten flate ut, og samtidig vil oksane gå over frå rask muskelvekst til å avleire feitt. Vi seier at dyra blir slaktemodne når dei har nådd ei vekt der potensialet for muskelvekst er nådd, samtidig som feittavleiringa er på eit nivå som marknaden vil ha.
For at du skal få best mogleg betalt når du leverer oksane til slakt, bør du følge nøye med på vekta og haldutviklinga når tida for levering nærmar seg.
Aktuelle fôrtypar
Oksekalvane vil ha behov for ulike fôrtypar gjennom oppdrettsperioden, fordi behovet for ulike næringsstoff forandrar seg. Unge kalvar treng fôr med mykje energi og protein, mens dei bør få meir fiberrikt fôr mot slutten av oppdrettet. Kva slags fôrtypar du skal gi til oksane, vil avhenge av alder og utviklingsstadium og kva ressursar du har på garden.
Grovfôr
Du kan bruke både surfôr, høy og halm. I starten bør dei få eit grovfôr som har god smak og inneheld mykje energi, fordi dei skal lære seg å ete så mykje grovfôr som mogleg.
Du kan godt gi oksane halm når dei er kjønnsmodne og feittavleiringa i kroppen startar. Hugs at det er relativt lite protein og mineral i halm, så det er viktig å passe på at dei får dekt næringsbehovet viss du bruker mykje halm. Halm kan òg gi forstopping i tarmane, så du bør bruke surfôr saman med halmen for å unngå problem i fordøyingskanalen hos dyra.
Kraftfôr
Det er fleire faktorar som speler inn når du skal velje kraftfôr til oksane. Til dei yngste dyra bør du velje kalvekraftfôr, som er godt tilpassaet næringsbehovet til kalven. Rett kraftfôr vil òg vere positivt for vomutviklinga hos unge kalvar.
Når oksen er tre månader gammal, bør han få 1,5– 2 kg kalvekraftfôr per dag, avhengig av kor god kvalitet det er på grovfôret ditt. Du bør sørge for å analysere grovfôret ditt for å vite kor mykje kraftfôr du skal gi. Ein grovfôranalyse vil òg hjelpe deg å velje det rette kraftfôret.
Mineral og vitamin
Så lenge oksane får eit kraftfôr som er tilpassa alder og utvikling, vil det daglege behovet for mineral og vitamin bli dekt. Men viss du vel å fôre berre med grovfôr i delar av oppdrettet, må du gi dei tilskot, til dømes i form av saltstein eller mineralkapslar.

Vatn
Oksane skal alltid ha tilgang til friskt og reint vatn. Det er viktig at du sjekkar at dei får nok vatn både inne i fjøset og når dei er ute på beite.
Fôringsregime
Ved fôring av oksar snakkar vi om moderat eller intensiv framfôring. Kva fôringsregime du vel, vil avhenge både av kva rase du har, og grovfôrtilgangen på bruket.
Moderat fôring
Moderat fôring passar for deg som planlegg å bruke grovfôr som hovudfôr. Med moderat fôring vil det ta lengre tid før dyra blir slaktemodne, og derfor vil du òg bruke meir fôr. Denne metoden passar for lette kjøttferasar og kryssingar mellom NRF og kjøttfe.
Intensiv fôring
Intensiv fôring passar viss du har oksar med god vekstevne. Med intensiv fôring vil kraftfôret utgjere ein større del av fôrrasjonen, og oksane bruker kortare tid på å bli slaktemodne. Derfor kan det vere best med intensiv framfôring viss du har avgrensa tilgang til grovfôr eller har litt lite plass i fjøset.
Visste du at ...
Tunge kjøttferasar vil bli svært store og tunge før dei blir slaktemodne med moderat framfôring, og krevje mykje fôr gjennom oppdrettet? Derfor bør du velje intensiv framfôring viss du har ein tung rase.
Oppgåver
Velg rett alternativ.
Relatert innhald
Den nyfødde kalven treng eit tørt og reint miljø, og i løpet av dei første timane må du sørge for at han får i seg råmjølk.
I starten får kalven all energien han treng, gjennom mjølka, men han må lære seg å ete grovfôr og kraftfôr for å vekse og utvikle seg som han skal.

