Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Fôring av kviger

Når du skal planlegge kvigefôringa, må du først ha ein plan for kva funksjon kvigene dine skal ha i gardsdrifta. Ei kvige som skal bli mjølkeku, har andre behov enn ei som skal fôrast fram til slakt, og fôrbehovet kan òg variere mellom ulike rasar.

Mål for oppdrettet

Viss du driv med mjølkeproduksjon, er det eit mål at kvigene skal bli gode mjølkekyr. Men viss du har mange kvigekalvar, kan det vere aktuelt å fôre fram nokre av dei til slakt. Det kan òg vere eit alternativ å selje dei etter mjølkefôringsperioden.

I kjøttproduksjon vil du bruke dei beste kvigene som mødrer til neste generasjon, mens dei du ikkje vil avle vidare på, anten blir fôra fram til slakt eller selde som livdyr.

Livdyrformidling

Det er Nortura og andre slakteri og dei ulike raselaga i Tyr som har ansvar for omsetjing av livdyr. Det blir stilt krav til at du som bonde har registrert dyra dine i Husdyrregisteret, og før du kan selje dei, må du kunne dokumentere at dei har god helse.

Utviklingsstadium

Det er ein glidande overgang mellom kalvestadiet og ungdyrstadiet, så du bør følge med på tilveksten heilt frå fødselen for å kunne gi dyra tilpassa fôr i dei ulike periodane.

Tilvekst

God tilvekst hos kvigene er viktig for deg som bonde fordi ei kvige som er frisk og veks godt, òg vil mjølke meir, og fordi kviger som er store nok når dei får sin første kalv, ikkje treng å bruke energi på å vekse etter kalving. Ei NRF-kvige bør få den første kalven når ho er mellom 23 og 28 månader gammal, avhengig av driftsopplegget du vel. Men for dei fleste vil det lønne seg å ha ein kort oppfôringsperiode, sånn at kvigene kalvar når dei er 23–24 månader.

Tilrådd tilvekst hos NRF-kviger

Figuren under frå TINE Produksjonskontroll viser tilrådd tilvekst frå fødsel til dei er 26 månader for kviger som skal bli mjølkekyr. Dei svarte prikkane er målingar av enkeltdyr gjennom oppdrettsperioden. Den blå linja viser tilveksten i gram per dag, mens den raude linja viser ønskt levandevekt i forhold til alder.

Kalveperioden (0–100 dagar)

Kalvane bør ha ein tilvekst på 700–750 g per dag i denne perioden, sånn at dei har eit brystmål på 102 cm når dei er 100 dagar gamle. Kalvane må lære seg å ete mest mogleg grovfôr i tida etter avvenning frå mjølk, sånn at dei blir gode drøvtyggarar før dei skal sleppast på beite.

Frå 100 dagar til 15 månader

I denne perioden er det viktig at kvigene har god tilvekst, helst opp mot 800–900 g per dag. I starten bør dei få 2 kg kraftfôr per dag i tillegg til godt grovfôr etter appetitt.

Dei fleste skal ut på beite for første gong i løpet av denne perioden, og viss dei berre skal ete gras, vil tilveksten gå litt ned i starten. Kalvar som er under seks månader ved beiteslepp, bør derfor alltid få tilskot av kraftfôr den første tida på beite.

Når kviga nærmar seg 300 kg (rundt ni–ti månader gammal), vil ho bli kjønnsmoden og komme i brunst. Samtidig vil kroppen byrje å lagre overskot av energi som feitt, så det er viktig å følge med på haldet fram mot inseminering. Kvigene bør vere i godt hold, men ikkje for feite.

Frå 15 månader til kalving

I starten av denne perioden er det vanleg å inseminere kvigene viss dei er store nok. Alder for første inseminering eller paring vil òg variere mellom ulike rasar og driftsopplegg.

Det er vekta og ikkje alderen som avgjer om kviga er stor nok til å bere fram ein kalv.

Etter insemineringa er det viktig at kviga veks utan at ho blir for feit, for å unngå kalvingsvanskar. Tilrådd tilvekst frå 15 månader og fram mot kalving er 400–600 gram per dag.

Kviger som er feite når dei kalvar, er òg meir utsette for sjukdom, og dei vil ofte ha problem med å komme i gang med brunstsyklusen etter kalving. Det blir tilrådd at kvigene er i middels hald ved kalving, med mellom 3,5 og 3,75.

Kompensasjonsvekst

Det er vanleg at kvigene har mindre tilvekst i beiteperioden. Den tilveksten dei taper på beite, kan dei hente inn igjen viss du fôrar dei litt sterkare etter innsett om hausten. Dette blir kalla kompensasjonsvekst. Det blir tilrådd at kvigene tek igjen den tapte vekta i løpet av fire månader, men tilveksten bør ikkje vere høgare enn cirka 1000 gram per dag.

Her er det viktig at du følger med på haldet, og at du kontrollerer tilveksten jamleg ved å registrere brystomfanget etter innsett. Bruk grafen frå TINE Produksjonskontroll for å sjekke korleis kvigene ligg an i forhold til planlagd vektutvikling.

Evna til kompensasjonsvekst minkar når kvigene er omtrent 20 månader gamle.

Aktuelle fôrtypar

Kvigene vil ha behov for ulike fôrtypar gjennom oppdrettsperioden, fordi behovet for ulike næringsstoff vil forandre seg. Viss du har ammekyr, vil kvigene ha tilgang på mjølk fram til avvenning ved 5–7 månaders alder, mens kviger i mjølkeproduksjon som regel vil avvennast frå mjølk når dei er 2–3 månader gamle.

Grovfôr

Du kan bruke både surfôr, høy og halm til kvigene. I starten bør dei få eit grovfôr som har god smak og inneheld mykje energi, fordi dei bør lære seg å ete så mykje grovfôr som mogleg.

Viss kvigene blir for feite etter innsett om hausten, kan du erstatte noko av surfôret med halm. Hugs at det er relativt lite protein og mineral i halm, så det er viktig å passe på at kvigene får dekt næringsbehovet viss du bruker mykje halm. Halm kan òg gi forstopping i tarmane, så du bør bruke surfôr saman med halmen for å unngå problem i fordøyingskanalen hos kvigene.

Beite

Graset som kvigene et når dei er på beite, er òg grovfôr, med ulikt innhald av næringsstoff. Dei yngste kalvane bør gå på eit beite i innmarka med næringsrikt gras, mens eldre kviger klarer seg godt på utmarksbeite.

Før beiteslepp må du sørge for å førebygge parasittangrep, spesielt viss du bruker det same beitet fleire år på rad.

For å sikre at kvigene får i seg alle minerala og sporstoffa dei treng, må dei få tilskot av mineral på beite. Det er vanleg å setje ut saltsteinar som dei kan sleike på.

Det kan òg vere aktuelt å legge inn ein mineralbolus før beiteslepp. Dette er ganske store kapslar som blir førte ned i vomma med ein applikator, og dette er ein jobb for dyrlegen. Mineralbolusen gir så ut minerala i små mengder gjennom beitesesongen.

Kraftfôr

Det er fleire faktorar som speler inn når du skal velje kraftfôr til kvigene. Til dei yngste dyra bør du velje kalvekraftfôr, det er godt tilpassa næringsbehovet til kalvane. Rett kraftfôr vil òg vere positivt for vomutviklinga hos unge kalvar.

Når kviga er tre månader gammal, bør ho få 1,5–2 kg kalvekraftfôr per dag, avhengig av kor god kvalitet det er på grovfôret ditt. Dette må du tilpasse sånn at kalvane får den næringa dei treng for å vekse normalt.

Du bør sørge for å analysere grovfôret ditt for få å vite kor mykje kraftfôr du skal gi. Ein grovfôranalyse vil òg hjelpe deg til å velje det rette kraftfôret.

Kraftfôrmengde

Mengda kraftfôr du gir kviga når ho er tre månader, skal vere omtrent halvert ved første brunst, altså når kviga er cirka 300 kg.

Deretter bør du halvere kraftfôrmengda igjen så snart kviga er drektig.

Vatn

Kvigene skal alltid ha tilgang til friskt og reint vatn. Det er viktig at du sjekkar at dei får nok vatn både inne i fjøset og når dei er ute på beite.

Døme på fôrplanar til kviger frå tre til femten månader

Desse tabellane viser tilrådd fôring og vektutvikling for NRF-kviger som skal bli mjølkekyr. Dei er henta frå TINEs brosjyre om godt kvigeoppdrett.

1) Suppler med mineraltilskot når kraftfôrmengda kjem under 2 kg.

2) Første brunst er forventa ved brystmål 140–150 cm. Då er kviga 280–300 kg.

3) Inseminering ved brystmål 168 +/– 2 kg. Då er kviga 390–415 kg. Ta omsyn til dyretype, hald og driftsopplegg.

Døme på fôrplanar til kviger frå 13 månader til kalving

Desse tabellane viser tilrådd fôring og vektutvikling for NRF-kviger som skal bli mjølkekyr. Dei er henta frå TINEs brosjyre om godt kvigeoppdrett.

1) Suppler med mineraltilskot når kraftfôrmengda blir redusert under 2 kg.

2) Kraftfôr: opptrapping før kalving blir tilpassa kalvingstidspunkt og hald på enkeltdyr.

3) Inseminering ved brystmål 168 +/–2 cm (390–415 kg). Ta omsyn til dyretype, hald og driftsopplegg.

4) Kalving: forventa storleik 189–194 cm (560–590 kg). Alder varierer på grunn av ulik tilvekst første beitesommar.

Oppgåve

Kjelder

Fatland. (2025, 14. februar). Livdyrpriser storfe/kalv. https://www.fatland.no/bonde/storfe/livdyr/livdyrpriser-storfe-kalv

Fatland. (2024, 29. mai). Kvalitetskrav til kalv. https://www.fatland.no/bonde/storfe/livdyr/kvalitetskrav-til-kalv

Nortura Medlem. (u.å.). Livdyrformidling av storfe og fôringsdyr. Henta 4. mars 2025 frå https://medlem.nortura.no/storfe/livdyrformidling/

Nortura Medlem. (u.å.). Totalmarkedet for livdyr i Nortura. Henta 4. mars 2025 frå https://medlem.nortura.no/storfe/livdyrformidling/livdyrmarkedet_totalt/

Overrein, H., Skjold, A. V., Sommerseth, J. K. & Garmo, R. T. (2025, januar). Godt kvigeoppdrett. TINE Rådgiving. https://sway.cloud.microsoft/jdyWSqA9odDcoe7W?ref=Link&loc=play&fbclid=IwY2xjawIUPy1leHRuA2FlbQIxMQABHaBF9nWDLb9XNVhMvH6RSGD6_a1Nvpq2QN102XXn3lyFvnip9NCRPZbDzg_aem_hm_tLYes853uGbBZ5bguyw

Relatert innhald

Haldvurdering

Haldvurdering hjelper deg med å sjekke om dyra er passe feite og får rett fôr. Du bør haldvurdere kyr og kviger kvar månad.

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 04.03.2025