Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Fordjupingsoppgåver om kvigefôring

I kvigeoppdrettet må du tenke på kva funksjon kviga skal ha som vaksen ku. Her er nokre fordjupingsoppgåver som tek for seg aktuelle problemstillingar du kan møte på som storfebonde.

Oppgåve 1. Planlegging av kvigefôring i ein mjølkeproduksjon

Du driv ein mjølkegard og skal planlegge fôringa av kvigene dine frå kalveperioden og fram til første kalving. Lag ein detaljert plan for fôring og tilvekst, og forklar kvifor det er viktig å følge denne planen.

Ta med det følgande i planen:

  • fôrtypar og mengder i dei ulike periodane av oppdrettet

  • måla dine for tilveksten til kvigene per dag

  • aktuelle tiltak for å unngå at kvigene blir for feite eller for magre

  • korleis du vil dokumentere og følge opp tilveksten

Oppgåve 2. Samanlikning av fôringsstrategiar for ulike driftsformer

Samanlikn fôringsstrategien for kviger som skal bli mjølkekyr, med strategien for kviger som skal fôrast fram til slakt eller ammekyr.

  • Kva forskjellar er det i fôrtypar, mengder og tilvekst?

  • Korleis påverkar forskjellane helsa og produksjonseigenskapane til dyra?

  • Kva for nokre økonomiske og dyrevelferdsmessige omsyn må du ta?

Bruk konkrete døme for å forklare forskjellane.

Oppgåve 3. Haldvurdering og kontroll av tilvekst

Du har ei gruppe kviger som har vore på beite gjennom sommaren. No har dei lågare vekt enn forventa, og du må vurdere korleis du kan kompensere for dette fram mot kalving.

  1. Forklar kva kompensasjonsvekst er, og korleis du kan bruke dette i planlegging av vidare fôring.

  2. Lag eit forslag til ein fôrplan for dei neste fire månadene. Korleis kan du kontrollere og dokumentere at kvigene har rett tilvekst?

  3. Kva utfordringar kan oppstå dersom tilveksten blir for høg eller for låg i ulike periodar?

Oppgåve 4. Helse og regelverk ved livdyrhandel

Du planlegg å selje nokre av kvigene dine som livdyr.

  1. Kva krav må vere oppfylte før du kan selje dyra?

  2. Kva aktørar er involverte i livdyrformidling, og kva roller har dei ulike aktørane?

  3. Kva kan konsekvensane vere dersom ein bonde ikkje følger regelverket for registrering og helsekrav?

  4. Diskuter korleis god helseoppfølging av kviger gjennom oppdrettsperioden kan påverke verdien av dyra som livdyr.

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 06.02.2025