Haldvurdering
Framgangsmåte
Du bør vurdere haldet på både kyr og drektige kviger med jamne mellomrom, helst ein gong i månaden. Når du skal haldvurdere, er det desse områda på dyret du skal konsentrere deg om:
ryggen, frå området bak ribbeina og bakover til hoftepartiet: Har dyret avrunda rygglinje, eller ser du kvar enkelt ryggtakk?
området mellom ryggtakkar og sidetakkar: Det bør vere ein boge, men han skal ikkje vere skarp og tydeleg innsokken.
hofteknokar og setebeinknokar: Her bør det vere eit feittlag, sånn at det er jamt. Knokane bør ikkje vere utståande og kanta.
halegropa: Her bør knoklane ha eit feittlag, sånn at dei er litt avrunda.
Tilrådd hald i ulike periodar (NRF)
Haldet vil naturleg nok variere ein del gjennom året, sidan kua ikkje bruker like mykje energi i ulike periodar. Her er nokre tilrådingar om hald hos mjølkekyr:
Ved kalving bør kua ha haldpoeng mellom 3,25 og 3,75. Viss kyrne mjølkar mykje, kan dei ha haldpoeng opp mot 4 ved kalving.
Etter kalving vil kua alltid tape hald, fordi ho bruker mykje energi på å produsere mjølk. Haldtapet bør ikkje bli større enn 0,5–0,75 poeng.
Fire til seks veker etter kalving bør kua ha stabilisert haldet, no bør ho ikkje bli tynnare. Ho bør ikkje ha lågare haldpoeng enn 2,5. Tilrådd hald to månader etter kalving er frå 2,75 til rundt 3.
Resten av laktasjonen bør haldet aukast forsiktig, sånn at kua har eit stabilt hald på 3,25–3,75 i sintida.
Haldvurdering og fôring
Det er for seint å sjekke haldet for å planlegge fôring når kalvinga nærmar seg, for kua treng stabil fôring fram mot kalving. Å starte ein slankekur på slutten av drektigheita vil gå ut over både kalven sin tilgangen på næring og den totale energibalansen til kua.
Derfor er det viktig å ha kontroll med haldet heilt frå starten av laktasjonen, sånn at du kan tilpasse fôringa fram mot neste kalving så tidleg som mogleg. Det kan vere så lett som å redusere kraftfôrmengda så snart kua har komme opp i eit stabilt godt hald, rundt tre månader etter kalving.
Du må òg følge med på kvigene gjennom drektigheita, for dei kan lett bli for feite viss dei får det same energiriket grovfôret som mjølkekyrne. Her kan du passe på å gi kvigene eit meir fiberrikt grovfôr i drektigheitstida og spare det beste fôret til det er på tide å starte oppfôringa dei siste vekene før kalving.
Automatisk haldvurdering
DeLaval har utvikla eit 3D-kamera som kan vere eit godt hjelpemiddel i haldvurderinga. Ofte er kameraet plassert i tilknyting til mjølkeroboten og tek bilete av kyrne når dei besøker roboten. Bileta blir analyserte automatisk, og programvara set gjennomsnittleg haldpoeng på grunnlag av fleire målingar i løpet av ei veke.
Oppgåve
Bruk skjemaet under og haldplansje frå GENO og vurder haldet på nokre tilfeldig valde kyr.





