Eksteriør hos storfe

Viktige eksteriørtrekk hos storfe
Det er nokre eksteriørtrekk som er spesielt viktige for at dyra skal fungere godt og ha god helse. Desse delane av eksteriøret inngår som ein del av avlsarbeidet, både i din eigen buskap og for overordna avlsarbeid med dei ulike rasane.
Her har vi lista opp dei eigenskapane som blir vurderte i samband med avlsarbeid på NRF og dei andre nordiske rasa.
Kropp
Ei god ku bør ha ein kropp som fungerer godt, helst i mange år. Evna til å ete grovfôr og ha lette kalvingar er viktig for at kua skal halde seg frisk og bli lenge i buskapen.
Viss avstanden frå buken og ned til golvet er større enn avstanden frå nedst på buken og opp til ryggen, har kua grunn kroppsdjupne. Er avstanden omtrent den same, har kua middels djupne. Og viss avstanden mellom kropp og golv er mindre enn djupna til kroppen, seier vi at kua har djup kroppsdjupne.
Mjølketype
Mjølketypen vurderer du ut frå ribbeina og kor stor avstand og runding det er mellom dei. Viss ribbeina er svært lange, peiker skrått bakover og har god avstand, seier vi at kua er utprega mjølketype.
Bein
Store og tunge dyr treng sterke bein for å fungere godt både inne i fjøset og ute på beite.
Hasekvalitet
Her vurderer du om det ser ut til å vere væskesamling i haseleddet. Dette kan du sjå både frå sida av dyret og bakfrå.
Beinbygnad
Beinbygnad vurderer du òg ved å sjå på bakbeina, og du skal vurdere både tjukkleik og breidde på lår og pipe (nedste del av beinet). Vi ønsker ikkje at dyra skal ha veldig grov beinbygnad.
Vridde klauver
Du kan òg sjå litt på klauvene og vurdere om dei veks rett. Nokre dyr har klauver som veks i spiralform. Det kallar vi korketrekkarklauv, og det er ein arveleg eigenskap.
Jur og spenar
Ei god mjølkeku må ha eit jur som er godt festa til kroppen. Spenane bør òg ha god plassering og vere passe store.
For å finne høgda på jurfestet bak kjenner du etter kor jurvevet startar, og vurderer dette punktet i forhold til avstanden mellom hasespissane og opp til setebeinknoken.
Jurbotn
Når du står bak kua, bør du sjå midtbandet som held juret oppe, dette er kløfta mellom jurhalvdelane. Viss midtbandet har losna, vil juret sjå ut som ein rund sekk, og spenane peiker skrått utover.
Vi ønsker eit jur med tydeleg kløft og spenar som heng rett ned eller skrår svakt innover.
Jurbalanse
Jurbalanse seier noko om forholdet mellom framjuret og bakjuret. Vi ønsker at juret skal vere mest mogleg balansert, altså bør det verken vere for baktungt eller for framtungt.
Speneplassering og speneretning
Plassering av både framspenar og bakspenar vurderer du bakfrå. Spenane bør ikkje stå for langt ut, og framspenane bør vere ganske tettstilte. Midt på kjertelen eller endå litt tettare er bra, så lenge det framleis er litt avstand mellom spenespissane.
Bakspenane bør vere plasserte midt på kjertelen.
Både framspenane og bakspenane bør henge rett ned. Dette er spesielt viktig i fjøs som har robotmjølking sidan roboten ikkje har så lett for å skilje mellom spenar som står for tett, når han skal setje på mjølkeorganet.
Ekstraspenar
Ekstraspenar kan vere marispenar (små spenar bak på juret), mellomspenar eller samanvaksne spenar. Det kan vere mjølkeproduksjon i ekstraspenane, og då er det òg fare for betennelsar fordi dei ikkje blir tømde for mjølk.
For å unngå å avle på dyr som har ekstraspenar, blir ekstraspenar registrerte og lagde inn som data i avlsarbeidet.
Lynne
Lynnet til kua er ikkje ein eksteriøreigenskap, men sidan det er så viktig i avlsarbeidet, er det vanleg at denne eigenskapen blir vurdert på lik linje med eksteriøreigenskapane.
Når du skal jobbe med dyr, er det viktig at dei har eit godt lynne. Kyrne må til dømes takle å bli handterte både under mjølking og ved dyrlegebesøk.
Lynnet til dyra skal vurderast etter korleis dei reagerer når det kjem ein ukjend person i nærleiken av dei, og det er som regel ein avlsrådgivar som vurderer åtferda når hen likevel er på besøk i fjøset for å vurdere eksteriøret.
Dyra bør ha eit normalt lynne òg i møte med ukjende, det vil seie at dei er nysgjerrige og kontaktsøkande og toler å bli tekne på.














