Frå kalv til ungdyr

Periodar i livet til kalven
I starten av livet er det mjølka som er hovudfôret til kalvane, men dei skal ha tilgang til både vatn, kraftfôr og grovfôr heilt frå første leveveke. Kor lenge kalvane får drikke mjølk, kjem an på driftsopplegget ditt, men dei må kunne ete nok kraftfôr og grovfôr før avvenning.
Kalveperioden varer fram til kalven er omtrent 6 månader gammal og nærmar seg kjønnsmodning. Det er vanleg at oksekalvar blir kjønnsmodne når dei er 6–7 månader, mens kvigekalvar har sin første brunst når dei er rundt 9 månader. Kjønnsmodning varierer med tilveksten og òg litt mellom ulike rasar.
Sjekk tilveksten
For å vere sikker på at kalvane dine veks og utviklar seg som dei skal, bør du ha ein plan for å følge med på tilveksten. Det enklaste er å ta brystmål av kalvane med jamne mellomrom. Du må opptre roleg når du skal måle dei, så dei ikkje blir stressa. Det er lurt å ha med seg ein medhjelpar eller to i bingen.
Her er Tines oppskrift på korleis du skal gjere det:
Kalven må stå mest mogleg naturleg når du måler, rett i ryggen og med hovudet framover.
Legg målebandet rundt kalven rett bak frambeina og over manken.
La målebandet ligge tett inntil kroppen på kalven utan å stramme.
Stram så inn 2 cm frå utgangspunktet, og les av lengda.

Registrering av brystmål
For å kunne ha oversikt over tilveksten er det viktig at du registrerer brystmålet til kalvane. Det kan du gjere ved å bruke Kukontrollen i TINE, eller du kan lage ditt eige system for registrering og oppfølging av tilveksten.
Kor raskt bør kalven vekse?
Viss du skal få ei haldbar ku med god helse, må du sikre deg at kalvane får den næringa og det miljøet dei treng for å vekse og trivast. Nortura stiller òg krav om normal tilvekst hos kalvane dei skal omsetje, og dei kan nekte å ta imot kalvar som er for små eller viser teikn til sjukdom.
Alder, veker | Tilvekst, gram/dag |
|---|---|
| 0–2 | 500–600 |
| 2–6 | 600–800 |
| 6–12 | 800–1000 |
Tilrådd tilvekst hos kalvane vil variere litt mellom ulike rasar, så du bør alltid sjekke kva tilrådingar som gjeld for dyra dine. Den gjennomsnittlege tilveksten frå 0–6 månader for NRF bør ligge på rundt 800 gram per dag for kviger, og rundt 1000 gram per dag for oksar.
Figurar frå Kukontrollen (KK) som viser tilrådd tilvekst hos kviger og oksar frå 0–100 dagar:
Avvenning frå mjølk
Det er tilrådd å bruke lang tid når du skal avvenne kalvane frå mjølk, og helst skal nedtrappinga gå over 3–4 veker.
Når skal du avvenne kalvane?
Nedtrappinga kan starte når kalven er 4 veker gammal, men før du startar nedtrappinga, må du vite at kalven har begynt å ete kraftfôr og grovfôr, slik at næringsbehovet blir sjølv dekt om han får mindre næring gjennom mjølka.
Tilrådd metode ved avvenning

Gjennom avvenningsperioden er det tilrådd at du reduserer talet på fôringar, og ikkje mengda mjølk per fôring. Det er fordi kalvane kan bli meir stressa viss dei ikkje blir mette av den porsjonen dei får.
Beite
Kalvar som er fødde på våren, må ha tilsyn kvar dag og tilskot av kraftfôr i starten av beitesesongen, sidan dei ikkje vil klare å ta opp nok gras til å dekke næringsbehovet. Dei eldre kalvane treng som regel ikkje tilleggsfôring med kraftfôr i beiteperioden, men det er ein stor fordel å gi dei litt kraftfôr for å halde dei tamme. Dette kan òg sikre at dei er greie å handtere når hausten kjem og du skal få dei inn i fjøset igjen.
Parasittar
Det er alltid fare for at kalvane blir utsette for parasittangrep på beite. Viss du bruker det same beitet til ungdyr og kalvar kvart år, kan parasittane overvintre der. Det finst mange ulike parasittar, så det er inga førebyggande behandling som gjeld overalt.
Derfor er det viktig å finne ut kva parasittar som finst i beita dine, og finne den rette behandlinga saman med veterinæren.

Døme på fôrplan
Sjølv om mjølk er hovudfôret dei første 3–4 vekene og kalvane må få drikke seg mette på mjølk, må du òg hugse at dei alltid skal ha tilgang til vatn, grovfôr og kraftfôr av god kvalitet heilt frå starten, i tillegg til mjølka.
Her kan du sjå nokre ulike strategiar for mjølkefôringsperioden:
Alder, veker | Råmjølk/ heilmjølk Alternativ 1 | Råmjølk/ heilmjølk Alternativ 2 | Råmjølk/ heilmjølk Alternativ 3 | Råmjølk/ heilmjølk Økologisk |
|---|---|---|---|---|
| Fødsel | 8 | 8 | 7 | 8 |
| 1 | 11 | 9 | 7 | 9 |
| 2 | 11 | 9 | 7 | 9 |
| 3 | 11 | 9 | 7 | 9 |
| 4 | 9 | 9 | 7 | 9 |
| 5 | 7 | 7 | 7 | 7 |
| 6 | 5 | 6 | 7 | 6 |
| 7 | 5 | 5 | 7 | 4 |
| 8 | 4 | 5 | 5 | 4 |
| 9 | 0 | 4 | 5 | 2 |
| 10 | 0 | 0 | 4 | 2 |
| 12 | 0 | 0 | 0 | 2 |
| 13 | 0 | 0 | 0 | 2 |
| Sum liter | 440 | 440 | 440 | 490 |
Oppgåver
Bruk dei vedlagde skjemaa for vekstkontroll til å registrere tilveksten hos ein eller fleire kalvar (0–100 dagar gamle) i løpet av skuleåret.
Vurder tilveksten undervegs: Veks kalvane som dei skal, eller er det nokre avvik?
Kva tiltak vil du tilrå viss kalvane ikkje har god nok tilvekst?
Finn ut kva rutinar som blir brukte i kalvefôringa i fjøset på skulen din, eller i eit anna fjøs du kjenner.
Set opp ein plan som viser rutinane i mjølkefôringsperioden. Hugs å få med rutinar for tildeling av vatn, grovfôr og kraftfôr til kalvane gjennom perioden òg.
Korleis skjer avvenning frå mjølk i denne buskapen?
Kor gamle er kalvane når dei blir avvende frå mjølk? Er det berre alderen som bestemmer tidspunkt for avvenning?
Kva førebuingar må du gjere før du slepper kalvane på beite?
Beskriv kva for nokre førebyggande tiltak som blir gjorde før beiteslepp i ein buskap du kjenner til. Stikkord: førebygging, mineral, sjekk av beiter.
Skjema for vekstkontroll
Relatert innhald
Den nyfødde kalven treng eit tørt og reint miljø, og i løpet av dei første timane må du sørge for at han får i seg råmjølk.
Kalvar, lam og kje er drøvtyggarar, men dei første vekene etter fødselen er fordøyingssystemet deira meir likt fordøyingssystemet hos einmaga dyr.