Fordjupingsoppgåver om kalvehelse

Oppgåver om kalvehelse
Kva signal bør du sjå etter for å vurdere helsa til kalven, og kvifor er det viktig å oppdage negative signal tidleg?
Korleis påverkar stress immunforsvaret til kalvane, og kva tiltak kan du gjere for å redusere stress i kalveoppdrett?
Beskriv tiltak for å unngå diaré hos kalvar, og forklar kvifor råmjølk er viktig i denne samanhengen.
Luftvegsinfeksjonar hos kalvane: årsaker og førebyggande tiltak
Beskriv kva smittestoff som kan gi luftvegsinfeksjonar, og korleis dei ulike smittestoffa verkar.
Korleis kan du sikre at fjøsmiljøet er optimalt for å redusere risikoen for luftvegssjukdommar hos kalvar?
Kva tiltak vil du tilrå for ein bonde som slit med leddbetennelsar hos kalvane?
Kva kan du gjere for å redusere smittepresset i fjøset?
Beskriv korleis gruppestorleik, flytting av kalvar og dårleg hygiene verkar inn. Er det andre faktorar du vil nemne?
Foreslå tiltak som kan gi mindre smittepress i eit fjøs du kjenner.