Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Kalvehelse

God helse hos kalvane avheng av at du har gjort ein god jobb allereie før dei blir fødde. Du må sørge for godt reinhald, sånn at smittepresset er minst mogleg frå starten. Så må du passe på at dei får nok råmjølk av god kvalitet, og du må ha gode fôringsrutinar i heile kalveperioden.

Helsa til kua

Friske og sunne kyr er første regel! Du må følge med på helsa til kua for å gi kalven ein god start. Det er til dømes ikkje uvanleg at kyr har gått med skjult jurbetennelse i . Då vil det vere bakteriar i juret når ho kalvar, som kalven får i seg når han syg. I tillegg vil råmjølka vere av dårleg kvalitet på grunn av infeksjonen.

For å unngå dette er det viktig å følge med på før du sinar opp kua, sånn at ho kan bli behandla før kalven kjem.

Lær deg å lese signala til kalven

Eit godt kalveoppdrett krev at du kan tolke signala kalvane gir deg, og reagere raskt når dei viser teikn til at noko ikkje stemmer.

Positive signal

Ein frisk og sunn kalv gir deg mange signal som viser at han trivst, så lær deg å sjå etter positive signal når du er i fjøset. Når du har lært deg korleis ein frisk kalv oppfører seg, blir det kanskje lettare å oppdage ein kalv som slit. Her er nokre døme på positive signal:

  • god appetitt

  • leiken og nysgjerrig

  • rein, glatt og blank pels

  • klare auge og oppreiste øyre

  • god tilvekst

Negative signal

Ein kalv som av ein eller annan grunn ikkje har det så bra, vil òg gi deg nokre signal. I starten kan det vere vanskeleg å legge merke til at kalven slit, fordi han som regel vil prøve å skjule at han er svakare enn dei andre i bingen.

Viss du ser nokre av desse signala, bør du følge godt med og gjere det du kan for å finne årsaka til dei:

  • restar av avføring rundt halerota og nedover låra (teikn på diaré)

  • blaut avføring på golvet i bingen (synleg diaré)

  • nedsett appetitt

  • slapp og ligg mykje

  • blass og bustete i pelsen

  • innsokne auge og hengande øyre

  • hoste

Vern kalvane mot smitte

For å verne kalvane dine best mogleg mot smitte er det nokre enkle reglar du bør følge.

Reinhald
Det er viktig med grundig vask og desinfeksjon av boksar og bingar før du set inn nye kalvar.
Små grupper
4–6 kalvar i bingen er passe. Hugs at smittepresset aukar jo fleire kalvar du har i same binge.
Stabile grupper
Hald kalvane i same gruppe for å unngå at dei kjem i kontakt med nye smittestoff. Flytting og introduksjon av nye kalvar fører òg til stress, som igjen kan gi dårlegare immunforsvar.
Flytt sjuke kalvar til sjukebinge
Jo raskare du oppdagar ein sjuk kalv og flyttar han til ein sjukebinge, jo større er sjansen for at dei andre kalvane held seg friske. Du kan òg gi dei sjuke kalvane ekstra omsorg når dei er samla i ein eigen binge.
God plass
Store bingar og god plass gir mindre smittepress. Sørg for å ha god nok plass til ekstra bingar som du kan bruke viss nokon blir sjuke.
Unngå forureining på fôrbrettet
Forureining kan skje ved at nokre av dyra har tilgang til fôrbrettet, eller at du går rett ut på fôrbrettet når du har vore inne i ein binge. Gjødsel og urin som blir liggande igjen saman med fôret, er alltid ei mogleg smittekjelde.
Stell dei friske dyra først
Då unngår du å dra med smitte frå dei som er sjuke.
Yngre kalvar før eldre kalvar
Start med dei yngste kalvane, for dei er meir utsette for smitte enn eldre dyr.
Plassering av dei minste kalvane
Pass på at du ser dei minste kalvane ofte, og sørg for at dei er plasserte på ein plass i fjøset som er trekkfri og utan for mykje trafikk.
Eigne kostar og skraper
Viss du bruker same kost og skrape hos kalvane som inne hos dei eldre dyra, kan du risikere at reiskapane har med seg smitte. Derfor bør du helst ha eigne reiskapar i dei ulike avdelingane.
Besøk i fjøset
Avløysaren eller andre som skal på besøk i fjøset, er òg moglege smittekjelder, derfor må du passe på at alle som skal helse på kalvane, alltid bruker smitteslusa. Der skal dei vaske hendene og skifte sko og klede før dei slepp inn til kalvane.

Vanlege sjukdommar

Dei vanlegaste sjukdommane hos kalv er diaré og luftvegssjukdommar, og det er større sjanse for at kalvane blir sjuke i store besetningar der mange dyr er tett på kvarandre. Leddbetennelsar og navlebetennelsar er òg vanlege infeksjonar.

Diaré

Kalvane er mest utsette for smitte den første månaden etter fødselen, og diaré hos kalvane kan komme av både virus, bakteriar og parasittar. Ofte er det meir enn éi smittekjelde til stades i fjøset, så kalvane kan bli smitta av fleire på kort tid.

God hygiene i fødebingane og godt reinhald av smokkar og bøtter er veldig viktig for å verne kalvane mot smitte.

Viss kalvane får suge mora, er det òg viktig at du vaskar juret og spenane før kalven slepper til, for å redusere smittepresset frå eit skitent jur.

Døme på smittestoff

Rotavirus, koronavirus, bakterien E. coli og parasitten Cryptosporidium er vanlege smittestoff hos dei yngste kalvane.

Kalvar som er eldre enn tre veker, får ofte diarésmitte av koksidiar (Eimeria).

Luftvegssjukdom

Luftvegssjukdom kan ramme kalvar i ulike aldersgrupper, men dei er mest utsette dei første to månadene. Fjøsmiljøet har mykje å seie for korleis sjukdommen utviklar seg. Dei fleste luftvegsinfeksjonane startar med eit smittsamt virus. Virus spreier seg lett mellom dyra, men dyra treng ikkje å bli veldig sjuke.

Men virusinfeksjonen svekker immunforsvaret til kalvane, slik at dei er meir mottakelege for bakteriesmitte i neste omgang. Og bakteriar som naturleg finst i fjøsmiljøet, kan gi alvorlege luftvegsinfeksjonar hos unge kalvar.

Smitte skjer ved kontakt mellom dyra, gjennom lufta dei pustar inn, eller via klede og utstyr som blir brukte i fleire fjøs eller fjøsavdelingar.

For å unngå luftvegsinfeksjonar er det viktig at miljøet i fjøset er best mogleg, med tett og trekkfri liggeplass til alle og rett fôring til kalvar i ulike aldrar.

Døme på smittestoff

Ved luftvegsinfeksjonar hos kalvar er dette vanlege smittestoff: , koronavirus (BCoV) og parainfluensavirus.

I tillegg kan vanlege bakteriar i fjøsmiljøet gi alvorleg lungebetennelse i etterkant av ein virusinfeksjon.

Betennelsar i ledd og navle

Leddbetennelse og navlebetennelse kjem som regel av at bakteriar kjem inn i kroppen gjennom små sår eller gjennom navlen hos nyfødde. Når bakteriane har komme inn i kroppen, spreier dei seg til vev og organ.

I verste fall kan det bli blodforgifting som spreier seg fort i kroppen. Då kan kalven døy dersom han ikkje får behandling med antibiotikum veldig raskt.

For å avgrense smittefaren er det viktig med god hygiene i fjøset.

Hugs å reinse navlen til nyfødde kalvar for å unngå smitte den vegen, og sørg for vask og desinfeksjon av sår og rifter. Bakteriane treng berre eit lite sår for å finne vegen inn.

Døme på smittestoff

Vanlege bakteriar som kan gi betennelsar, er stafylokokkar og streptokokkar. E. coli kan òg føre til betennelsar. Alle desse bakteriane finst normalt i fjøsmiljøet.

Oppgåver

Kjelder

Animalia. (2018, 5. juli). Kalvesjukdom. https://www.animalia.no/no/Dyr/storfe/kalvehelse/kalvesjukdom/

Haavemoen, A. & Sogstad, Å. M. (2023). Sjukdom hos kalv. Buskap, 2/2023. https://www.buskap.no/article/2023/03/Sjukdom-hos-kalv

Lang-Ree, R. (2024). 10 råd om god smittebeskyttelse hos kalvene. Buskap, 7/2024. https://www.buskap.no/article/2024/10/10%20r%C3%A5d%20om%20god%20smittebeskyttelse%20av%20kalvene

Overrein, H., Skjold, A. V. & Kischel, S. G. (2024). Godt kalveoppdrett 0–3 mnd [Digital brosjyre]. TINE Rådgiving. https://sway.cloud.microsoft/JP1mfwAul4MFX2XI

Stokstad, M. & Mørk, T. (2016). Respiratorisk syncytialvirus (BRSV) og coronavirus (BCoV) hos storfe. Buskap, 8/2016. https://www.buskap.no/article/2016/08/Respiratorisk-syncytialvirus-(BRSV)-og-coronavirus-(BCoV)-hos-storfe

Relatert innhald

Oppstalling av kalv

Det er ulike løysingar for oppstalling av kalvar den første tida. Du bør alltid tenke på helsa og velferda til kalven når du skal velje løysing.

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 15.09.2025