Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Oppstalling av kalv

Det er ulike løysingar for oppstalling av kalvar dei første dagane og månadene etter kalving. Dei siste åra er det forska mykje på samvær mellom ku og kalv i dietida, og korleis det verkar inn på helse og velferd hos dyra.

Kalvingsbinge/fødebinge

I forskrift om hald av storfe står det at du må ha minst éin kalvingsbinge for kvar påbyrja 25 kyr i fjøset. Dette er for å sikre at kyrne dine kan flyttast til ein kalvingsbinge før fødselen, noko som er mykje betre for både kua og kalven enn at kalvinga skjer på ein bås eller ute i lausdrifta.

Viss det er skitent, kaldt eller trongt der kua skal føde, kan ho bli stressa. Og når kua er stressa, vil ho bli meir utsett for sjukdom. Kalvinga vil òg ta lengre tid, noko som er uheldig for både kua og kalven.

Tørt og trekkfritt

Den nyfødde kalven skal helst bli fødd i ein godt reingjord binge med mjukt underlag. Halm er bra fordi det både trekker til seg fukt og har litt varmeisolerande effekt. I ei travel tid med mange kalvingar er det ikkje sikkert du får tid til å vaske kalvingsbingane mellom kvar kalving. Då er det veldig viktig at du har skrapa godt slik at bingen får tørke opp før du set inn neste ku.

Viss kalvinga går som ho skal, vil kua begynne å sleike kalven når han kjem ut. Dette er bra for å få i gang blodomløpet til kalven, og det gjer òg at han tørkar fortare. For at kalven ikkje skal bruke for mykje energi på å fryse, er det bra viss du kan hjelpe kua litt med å tørke og massere han.

Enkeltbinge (kalveboks)

Det varierer kor lenge kalvane får gå saman med mor. Nokon vel å skilje kua og kalven rett etter fødselen, og då er det vanleg at kalven får stå i ein enkeltbinge (kalveboks) den første tida.

Kalveboksen skal vere så stor at kalven kan bevege seg normalt og utføre kroppspleie. Han skal òg ha mjukt og varmeisolerande underlag. Viss det er kaldt i fjøset, kan kalven gjerne få på seg eit dekken, eller du kan henge ei varmelampe over bingen.

Det er ikkje lov til å ha kalvane i enkeltbinge etter at dei er åtte veker, med mindre du har ein veterinærattest som stadfester at kalven treng å vere isolert på grunn av sjukdom eller skade.

Fellesbinge

Kalvane er sosiale og lærer av kvarandre, så viss du har høve til det, er det ein fordel om kalven kan vere saman med andre kalvar heilt frå starten. Når kalvane får vere saman med andre kalvar, blir dei til dømes flinkare til å drøvtygge og et meir grovfôr.

I fellesbingar må du passe på at det er nok liggeplassar og eteplassar til alle. Du bør starte med å setje saman 2–4 kalvar sånn at dei blir vane til å vere i gruppe. Dei treng òg tid til å venne seg til det nye miljøet.

Etter kvart kan du ha kalvane i større grupper, men du bør ikkje ha fleire enn 8–10 kalvar i same binge. Og det bør ikkje vere for stor aldersforskjell mellom den eldste og den yngste kalven, helst ikkje over fire veker.

Ku og kalv saman

Mange ønsker at kua og kalven skal få lov til å vere saman i heile dietida. Det finst ulike måtar å løyse dette på, og i nokre fjøs er innreiinga laga slik at kua kan besøke kalven sin når ho vil. Då går kua saman med dei andre kyrne i lausdrifta, mens ho kan gå gjennom ein port inn til kalvane. Kalvane bør ha eit eige skjerma liggeområde i denne avdelinga (kalvegøyme).

Ei anna løysing som blir brukt i nokre båsfjøs, er å la kalvane gå fritt i fjøset heile eller delar av døgnet. Dette kan òg fungere bra.

Økologisk drift

Viss du driv økologisk, er det eit krav at kalven skal få die mora dei tre første dagane etter fødselen, viss mora er frisk og ikkje blir behandla med antibiotikum eller andre preparat.

Det er òg eit krav at kalvane i økologisk drift skal fôrast med naturleg mjølk i minst tre månader, altså kan du ikkje bruke mjølkeerstatning i denne perioden viss du driv økologisk.

Uisolert eller utandørs oppstalling

Kalvane toler godt å stå ute eller i eit uisolert fjøs så lenge du sørger for at dei har det tørt og trekkfritt. Det er mindre smittepress ute i friluft enn inne i eit trongt fjøs, og det er fleire som har erfaring med at kalvane får betre helse når dei kan stå ute.

Kroppstemperatur

Ein nyfødd kalv toler ikkje låge temperaturar like godt som eldre kalvar, så viss du har uisolert fjøs eller skal ha dei minste kalvane ute, må du passe ekstra godt på at dei har det tørt og lunt på liggeplassen. I den kalde årstida kan det vere lurt å bruke dekken eller varmelamper, sånn at kalvane slepp å bruke energi på å halde kroppstemperaturen stabil.

Kaldfjøs

Det er ganske mange som har bygd kaldfjøs dei siste åra. Kaldfjøs er uisolerte storfefjøs, og temperaturen inne i fjøset og utetemperaturen er den same. Derfor må du følge ekstra nøye med på helsetilstanden til kalvane i den kaldaste tida på vinteren viss du har kaldfjøs.

Utandørs oppstalling

Du kan òg velje å ha kalvane utanfor fjøset i uisolerte kalvehus. Du kan bruke både kalvehytter, igloar og enkle skur så lenge det er tre tette veggar med tak over. Når du skal ha kalvane ute, er det veldig viktig med god hygiene, og dei skal alltid ha det tørt og trekkfritt på liggeplassen.

Oppgåver

  1. Diskuter ulike løysingar for oppstalling av kalvar. Kva fordelar og ulemper er det med dei ulike løysingane?

  2. Finn ut mest mogleg om kva krav som blir stilte til oppstalling av kalvar. Er det store forskjellar mellom krava i økologisk og konvensjonell drift?

Kjelder

Forskrift om hold av storfe. (2004). Forskrift om hold av storfe (FOR-2004-04-22-665). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2004-04-22-665

Mattilsynet. (2021, 10. november). Veileder til forskrift om hold av storfe. https://mattilsynet-xp7prod.enonic.cloud/_/attachment/inline/5ba2751a-8bd4-4e92-a899-7560e8fbe670:45a8a7199186cb94cffabd99d2b5cc4754855c54/veileder_om_hold_av_storfe.pdf

Overrein, H., Skjold, A. V. & Kischel, S. G. (2024). Godt kalveoppdrett 0–3 mnd [Digital brosjyre]. TINE Rådgiving. https://sway.cloud.microsoft/JP1mfwAul4MFX2XI

Sogstad, Å. M., Tajet, A. H. H. & Dragset, K. I. (2016). Utendørs og uisolert oppstalling av kalv vinterstid. Buskap, 2/2016. https://www.animalia.no/contentassets/5ba8b0d484f94ada89187472a7187dec/46-kalv-utendors-vinterstid_korr3.pdf

Økologiforskriften. (2022). Forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukter, akvakulturprodukter, næringsmidler og fôr m.m. (FOR-2022-06-11-1171). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2022-06-11-1171

Økologisk Norge. (2022, 19. januar). Fakta om økologisk ku og okse. https://okologisknorge.no/hvorfor-oekologisk/fakta/hvorfor-er-oekologisk-bra-for-dyra/oekologiske-kyr/fakta-om-oekologisk-ku-og-okse/

Relatert innhald

Den nyfødde kalven

Den nyfødde kalven treng eit tørt og reint miljø, og i løpet av dei første timane må du sørge for at han får i seg råmjølk.

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 27.05.2025