Helse hos storfe

God helse
Det er generelt god helse hos storfe i Noreg, og aggressive og svært alvorlege smittsame sjukdommar opptrer sjeldan. Men av og til har vi utbrot av uønskte sjukdommar som spreier seg til nye buskapar. Dette skjer som regel ved kjøp og sal av livdyr.
Vanlege sjukdommar
Dei vanlegaste sjukdommane hos mjølkekyr er mastitt (jurbetennelse), ketose og mjølkefeber. I ammekubesetningar er luftvegssjukdommar den vanlegaste infeksjonssjukdommen, men førekomsten er heldigvis låg.
Kalvingsvanskar og andre problem knytte til fruktbarheit og drektigheit er òg ganske vanlege, men her betyr avl i buskapen, val av okse og ikkje minst korleis du fôrar dyra dine, mest.
Problem med klauver og bein er heller ikkje uvanleg, her finst det òg smittsame sjukdommar vi ønsker å unngå (som til dømes digital dermatitt). Men dei fleste problema med bein og klauver er miljørelaterte, så her er det viktig at du som bonde følger med og sørger for at golvet og innreiinga i fjøset ikkje er til skade for dyra. Du må òg sørge for å gjennomføre klauvskjering når det er behov for det.

Kalvingsvanskar
Problem under kalving er ikkje uvanlege, og dei fleste bønder vil komme opp i situasjonar der kua treng assistanse under fødselen. Dei fleste gongene er det berre små feilstillingar hos kalven som må rettast opp, men av og til kjem dette av at kalven er altfor stor for fødselsvegen.
Her har du som bonde eit viktig ansvar. Det beste for å unngå kalvingsvanskar er å velje rett far til kalven. Hugs at ei lita ku aldri skal inseminerast eller parast med ein stor og kjøttfull okse.

Visste du at ...
I oksekatalogen finn du indeksar som fortel om ein okse gir lette kalvingar, både som far til kalven og som far til kua.
Bein og klauver
Friske bein og gode klauver er ein føresetnad for både velferd og helse hos dyra. Derfor må du ta deg tid til å sjå på korleis dyra går, og ta affære om du ser tilløp til halting.
For å sikre god klauvhelse er det viktig å ha faste planar for klauvskjering i besetninga. Dette kan du lese meir om i artikkelen om klauvhelse og klauvpleie.
Relatert innhald
Dyrehelseforskrifta skal hjelpe oss å førebygge og nedkjempe sjukdommar som kan overførast til dyr eller menneske.
Nok råmjølk av god kvalitet og godt reinhald er avgjerande for at kalvane skal få ein best mogleg start og halde seg friske.