Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Klauvhelse og klauvpleie

Når du driv med storfe, er det veldig viktig å ha gode rutinar for klauvskjering. Klauvene veks heile livet og må skjerast med jamne mellomrom for å førebygge sjukdommar og sikre god velferd i fjøset.

Klauvhelse

God klauvhelse er viktig, derfor er det viktig at du lærer deg å tenke godt over korleis dyra dine går. Dyr som går normalt utan å vise teikn til smerte, har som regel òg god klauvhelse. Men veit du kva vil det seie å "gå normalt"? I tabellen under er det nokre tips.

Korleis bedømme gonga til kua?

Klauvform

Rørsle

Rygglinje

Karakter

NormalGår og står trygt på alle fire beinaRett

Bra! Dette er ei ku som har gode klauver.

Litt avvikande (for lang eller for kort)Går litt forsiktig, bruker ikkje alle beina liktLitt krum ryggDu bør sjekke klauvene og behandle etter behov.
UnormalTydeleg haltingKrum ryggDu må sjekke klauvene og gi nødvendig behandling snarast.

Avvikande klauvformer

Klauvene kan ofte bli for lange viss dyra går på mjukt underlag. Det er òg fare for at dei blir slitne feil på andre underlag, og enkelte dyr kan òg arve anlegg for uheldig klauvform frå mor eller far.

Lange eller forvaksne klauver

Det er vanleg at klauvene blir for lange hos dyr som er oppstalla i fjøs med gummimatter, sidan klauvene ikkje vil slitast på same måte som på hardt underlag. Dyr som går på beite, kan òg få for lange klauver, fordi klauvveggen blir sliten for lite.

Når klauvene blir lange, vil vekta komme lenger bak på solen, noko som gir feil belastning i klauva. Dette er ubehageleg for dyret og kan i verste fall gi alvorleg skade.

Korte klauver

Dette blir òg kalla betongklauver og kan oppstå når du flytter dyra inn på nytt og grovt betonggolv. Det er viktig å ikkje skjere klauvene for kort tid før miljøskifte for å unngå dette.

Skeive eller asymmetriske klauver

Skeive klauver heng ofte saman med at innreiinga i fjøset ikkje er godt nok tilpassa dyra, til dømes viss fôrbrettet er for lågt. Då må dyra strekke seg etter fôret, og slitasjen blir stor på innerklauvene. Ved manglande klauvskjering kan klauvene bli så lange at dei saksar seg.

Korketrekkarklauver

Som namnet seier vil korketrekkarklauvene vekse som ein slags spiral. Denne klauvforma har relativt stor arvelegheit, så viss du har ei ku med korketrekkarklauver, er det stor sjanse for at kalvane hennar arvar denne eigenskapen.

Forfangenheit og unormal hornvekst

Forfangenheit er betennelse i lêrhuda. Det kan resultere i at det blir laga for lite klauvhorn. Forfangenheit er ofte vanskeleg å oppdage hos kyr, og klauvproblem kan oppstå fleire månader etter at kua har vore forfangen.

Her er nokre problem som kan oppstå to til tre månader etter at kua har hatt forfangenheit:

  • soleknusing og solebløding

  • løysing eller bløding i den kvite linja

Desse lidingane er tett knytte til forhold i miljøet til dyra, og det kan ende med kronisk forfangenheit. Ei ku med kronisk forfangenheit vil ofte ha ein stiv og forsiktig måte å gå på.

Du kan førebygge forfangenheit og unormal hornvekst ved å sørge for rett fôring. Problem med fordøying og endringar i kroppen rundt kalving er risikofaktorar, saman med fysiske forhold i fjøset.

Smittsame og hygienerelaterte klauvlidingar

Det finst mange smittsame klauvlidingar, men her vil vi berre nemne dei som er mest utbreidde hos norsk storfe.

Digital dermatitt (DD)

  • Smittsam og alvorleg hudbetennelse i klauvspalta som kjem av ein bakterie (Treponema).

  • Smittevern er viktigaste tiltak. Prøv å avgrense innkjøp og kontakt med dyr frå andre buskapar. Besøkande i fjøset må bruke smittesluse.

  • Bakteriane liker fuktig og skitent miljø, så godt reinhald er viktig for førebygging. Desinfiserande fotbad kan brukast for å hindre vidare spreiing i buskapen.

  • Vanskeleg å bli kvitt. Ta kontakt med dyrlege og klauvskjerar for rask behandling.

Mild dermatitt

  • Mild og overflatisk hudbetennelse som er lite smittsam.

  • Oppstår helst når dyra går i skitent og fuktig miljø.

Hornrote

  • Hornet i bakre del av klauva blir brote ned.

  • Førebygging ved å halde det reint der dyra går.

  • Oppstår sjeldan når dyra er på beite.

Klauvspalteflegmone

  • Smittsam infeksjon som startar i klauvspalta og breier seg til underhuda.

  • Kjem av ein tarmbakterie (Fusobacterium necrophorum) som finst i møkka.

  • Blir førebygd med godt reinhald og smittevern.

Limax

  • Hevelse i klauvspalta.

  • Oppstår på grunn av irritasjon eller betennelse i klauvspalta.

  • Kan utvikle seg til å bli ein stor og vond byll.

  • Bør fjernast. Etter fjerning skal klauva behandlast med salisylsyre og bandasjerast.

Bilete av dei ulike klauvsjukdommane finn du i Nordisk klauvatlas (PDF).

Klauvskjering

Du bør ha ein sertifisert klauvskjerar til å utføre jobben så du er sikker på at dyra blir behandla på ein måte som varetek dyrevelferda. Du finn liste over sertifiserte klauvskjerarar som er tilslutta Norsk klauvskjerarlag, på nettsidene til Animalia.

For å sikre god klauvhelse må du som bonde sørge for at klauvene blir skorne ved behov. Behovet for klauvskjering varierer avhengig av kva slags drift du har. Animalia tilrår at du følger desse retningslinjene:

  • Alle kyr og kviger eldre enn 18 månader blir kontrollerte i klauvboks og skorne etter behov.

    • i båsfjøs og i kjøttfebuskapar minst ein gong i året

    • mjølkekubuskapar med lausdrift og yting inntil 9 000 kg minst to gonger i året

    • mjølkekubuskapar med yting over 9 000 kg tre gonger i året

  • Ved mykje klauvsjukdom kan endå hyppigare skjering / kontroll i klauvboks bli nødvendig.

  • Forsøk å tilpasse klauvskjeringa til kalvinga. To til tre månader før kalving blir tilrådd (kan skje inntil 14 dagar før kalving).

Utstyr til klauvskjering

Det er vanleg at klauvskjeraren har med seg sin eigen klauvboks når hen kjem, og at alt nødvendig utstyr er på plass i klauvboksen. Men du bør òg ha utstyr til klauvskjering tilgjengeleg i fjøset, i tilfelle det oppstår akutte skadar som må behandlast omgåande. Det er uansett alltid viktig at du veit kva du held på med når du skal skjere klauver, for viss du gjer det feil og skjer for langt inn, blir det veldig smertefullt for dyra!

Klauvboks

Når klauvskjeraren kjem, treng hen å plassere klauvboksen på ein eigna plass. Dagens hydrauliske klauvboksar krev meir plass enn dei tradisjonelle, og du bør tenke gjennom kvar han bør stå for at jobben skal kunne gjerast best mogleg.

Vinkelslipar

Det er vanlegast å bruke ein vinkelslipar for å file ned klauvhornet, og det er viktig å bruke slipeskiver som eignar seg til klauvskjering.

Klauvkniv (hovkniv)

Klauvkniven blir brukt for å skjere ut sjukt og skadd klauvhorn etter at du har brukt vinkelsliparen til å file ned det ytste laget. Klauvkniven er ganske kort og forma slik at han ligg godt i handa. Knivbladet er som regel skarpt på begge sider og endar i ein krumbøygd spiss sånn at du kan grave ut det skadde klauvhornet.

Hovklinge og klubbe

Dette er utstyr som var mykje brukt før det vart vanleg å bruke vinkelslipar. Når du bruker hovklinge og klubbe, er det større fare for å skjere for langt inn i klauva, og då er det stor fare for infeksjon og haltheit i neste omgang.

Bandasje

Ved behandling av sjukdommar eller skade i klauvene er det viktig at den delen av klauva som er behandla, kan halde seg nokolunde tørr og rein dei første dagane. Derfor er det viktig at du har bandasje tilgjengeleg ved klauvskjering.

Ved alvorlegare skadar i klauvene kan det vere nødvendig å lime fast avlastingsklossar eller kalosjar på klauva. Det er alltid dyrlegen som utfører behandlinga ved så alvorleg skade.

Sårspray og bakteriedrepande middel

Salisylsyre i pulverform er bakteriedrepande og blir brukt viss kua har digital dermatitt eller limax, og det finst òg ulike klauv- og sårsprayar som kan brukast førebyggande. Repiderma er eit døme på ein førebyggande klauv-/sårspray.

Oppgåver

Spørsmål frå teksten

Praktiske oppgåver

  1. Prøv å bedøm klauvhelsa hos storfe i ein buskap du kjenner. Ta notat så du hugsar det du ser. Til hjelp i vurderinga kan du bruke dette skjemaet på nettsida hos Animalia.

  2. Kva rutinar er det for klauvskjering i denne buskapen? Prøv å finne svar på følgande:

    1. Kor ofte er det klauvskjering kvart år? Samanlikn svaret med det Animalia tilrår, og vurder om det er passe i denne buskapen.

    2. Kven utfører klauvskjeringa? Er det ein fast klauvskjerar?

    3. Kvar blir klauvboksen plassert i fjøset?

    4. Korleis er organiseringa i fjøset? Dyreflyt og arbeidsoppgåver.

    5. Kva tenker du om rutinane? Ville du løyst det på same måte?

  3. Finn ut om det er nokre spesielle utfordringar med klauvhelsa i buskapen. Har du nokre tankar om kva som kan gjerast for at det skal bli betre?

  4. Finn ut kva som trengst for å bli sertifisert som klauvskjerar i Norsk klauvskjerarlag.

Kjelder

Animalia. (2022, 18. januar). Anbefalinger for klauvstell og klauvskjæring. https://www.animalia.no/no/Dyr/storfe/klauv/klauvskjaring/anbefalinger-og-metode/

Animalia. (2022, 18. januar). Klauv. https://www.animalia.no/no/Dyr/storfe/klauv/

Fjeldaas, T. (2003). Klauvskjæring og klauvsjukdommer. Håndbok fra Landbruksforlaget.

Fjeldaas, T. & Sogstad, Å. M. (2020). Riktig klauvskjæring gir god dyrevelferd og effektiv produksjon. Buskap, 08/2020. https://www.buskap.no/article/2020/12/Riktig-klauvskj%C3%A6ring-gir-god-dyrevelferd-og-effektiv-produksjon

Nordisk klauvatlas. (2020). https://www.animalia.no/contentassets/55b0d5ad415445a1addb077dc86de1a4/nordicclawatlas_updated-june2020_norsk-oversettelse-002_tora4aug2020_ams_endelig.pdf

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 04.12.2024