Velferdsvurdering i storfefjøset

Oppgåve i velferdsvurdering
Alle storfebesetningar med meir enn ti dyr er altså med i dyrevelferdsprogram for storfe. Målet med dyrevelferdsprogrammet er å dokumentere og vareta helse og velferd i norske storfebesetningar på best mogleg måte.
I denne oppgåva skal du bruke eit dokumentasjonsverktøy til å undersøke og vurdere dyrevelferda i eit fjøs. Gå systematisk gjennom fjøset og vurder ulike kriterium som rørslefridom, mosjon, beiteforhold og tilgang til utandørs område. Dokumenter funna og gi ei heilskapleg vurdering av dyrevelferda.
Velferdsvurdering – trinn for trinn
No skal du ut i fjøset for å observere. Bruk dette dokumentasjonsverktøyet som hjelp, og gå gjennom dei ulike delane av velferdsvurderinga trinn for trinn. Les beskrivinga av kva du skal observere, prøv å finne årsaka til det du observerer, og foreslå løysingar.
På siste side kan du eksportere teksten til eit dokument. Her kan du redigere tekst og setje inn eventuelle bilete som du tek i løpet av vurderinga. Ver klar over at teksten ikkje blir lagra før du eksporterer dokumentet, så viss du lukkar oppgåva undervegs, mister du det du har skrive.
Under finn du oppgåva i eit tekstdokument du kan laste ned og skrive inn i.
Fil
Relatert innhald
Alle storfebesetningar med fleire enn ti dyr er med i dyrevelferdsprogram for storfe. Det er fagorganisasjonane i landbruket som står bak programmet.
God velferd for storfe inneber at dyra har nok tid og rom til å utføre den naturlege åtferda si. Som bonde må du lære deg å tolke viktige signal frå dyra.