Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Dei vanlegaste sjukdommane

Sjukdommar hos kyr, som mastitt, ketose, mjølkefeber og luftvegsinfeksjonar, kan påverke både dyrevelferd og produksjon. Godt stell, rett fôring og god hygiene er avgjerande for å førebygge og oppdage sjukdom så tidleg som mogleg.

Mastitt

Mastitt, eller jurbetennelse, er den vanlegaste sjukdommen hos mjølkekyr, og det finst mange ulike bakteriar som kan føre til mastitt når dei kjem inn i juret. Dei fleste mastittar kjem av bakteriar som kan behandlast med antibiotika, og kua blir som regel heilt frisk etter å ha hatt jurbetennelse. Men som regel blir det mindre mjølk i den sjuke spenen resten av laktasjonsperioden, så av og til vil det vere best å avsine henne (slutte å mjølke henne). Dersom dette blir løysinga, kan spenen likevel fungere normalt i neste laktasjon.

Ofte vil du sjå blod, klumpar eller slintrer i mjølka frå ein betent spene. Juret kan òg vere opphovna og hardt. Men nokre mastittar kan vere vanskelege å oppdage fordi kua ikkje viser nokon ytre teikn til sjukdom. Derfor er det viktig å følge med på celletalet i mjølka og sørge for å behandle dei kyrne som treng det.

Førebygging

Godt reinhald av mjølkeutstyr og fjøs, og dessutan god hygiene under mjølking, er den viktigaste førebygginga for å unngå mastitt. Jamleg sjekk av spenegummi, vakuum og reinhald på mjølkemaskina er nødvendig for å unngå smitte gjennom utstyret. Du må òg passe på at kyr og kviger ikkje syg på jura og spenane til kvarandre.

Visste du at ...

Nokre få mastittbakteriar er så aggressive at kua fort blir veldig sjuk og døyr i løpet av få dagar.

Ketose

Ketose oppstår når dyra ikkje får i seg nok energi gjennom fôret og må bruke av kroppsreservane. Sjukdommen var veldig vanleg tidlegare, men med auka fokus på rett fôring er ikkje denne sjukdommen eit like stort problem lenger. Mest utsett er unge kyr som mjølkar mykje, spesielt førstegangskalvarar. Når tannfellinga òg kjem samtidig som dei treng mykje påfyll av energi for å produsere mjølk, kan det bli utfordrande for dei å få i seg nok næring.

Som med jurbetennelse kan òg ketose oppstå utan at du ser ytre teikn til at kua er sjuk. Ved synleg (klinisk) ketose vil kua som regel vrake kraftfôret, og gradvis tape hold. Blaut avføring er òg eit teikn. Og har du god luktesans, vil du kjenne ei søtleg lukt som kjem av at det blir danna ketonlekamar i kroppen.

Skjult (subklinisk) ketose kjem ofte som følgesjukdom etter at kua har hatt til dømes mjølkefeber. Denne forma er vanskeleg å oppdage og har ingen sikre teikn. Derfor bør du snakke med dyrlegen og få teke ei blodprøve for å sjekke blodsukkernivået om du mistenker at kua har skjult ketose.

Førebygging

Det blir tilrådd å teste innhaldet av ketonstoff i blodet hos kyrne tre til ti dagar etter kalving for å oppdage skjult ketose på eit tidleg stadium. Avlesing av ein drope blod i eit blodsukkerapparat er alt som skal til. Då kan du starte behandlinga før kua taper for mykje energi.

Du finn òg ketonstoffa i mjølka, men det finst foreløpig ingen sikker metode for hurtiganalyse av mjølk.

Visste du at ...

Ketose gjekk under namnet husmannssjuka før i tida.

Mjølkefeber

Mjølkefeber (hypokalsemi) blir òg kalla kalvingslamming og oppstår rett før eller rett etter kalving. Årsaka er at kalsiumnivået i blodet fell raskt på grunn av at kalsiumlageret i kroppen blir tappa for å produsere mjølk. Kua blir liggande, klarer ikkje å reise seg og vil døy utan rask behandling.

Rask behandling er altså heilt nødvendig, og den består i at dyrlegen gir kalsium intravenøst (rett i blodet). Etter behandlinga er det viktig å få kua opp og stå for å få i gang blodsirkulasjonen. Musklane som ligg i klem under ei stor og tung ku i fleire timar, vil miste blodtilførselen, og det hender at kua ikkje klarer å reise seg om ho har lege for lenge. Derfor er det dessverre ikkje uvanleg at mjølkefeber endar i nødslakt.

Førebygging

Mjølkefeber er vanlegast hos eldre kyr (frå fire år eller tredje kalving). Og store og tunge kyr som mjølkar mykje, er aller mest utsette. Derfor er det desse du skal sørge for å følge mest med på i tida rundt kalving.

Førebygginga startar du allereie i sineperioden gjennom å sørge for rett fôring. Det beste er seint hausta grovfôr som ikkje er gjødsla med husdyrgjødsel. Husdyrgjødsel inneheld mykje kalium, og det er klar samanheng mellom innhald av kalium i fôret og fare for mjølkefeber.

For å sikre at kua tapar minst mogleg av kalsiumreservane til kroppen rett etter kalving, bør du heller ikkje mjølke henne så mykje. Det held å mjølke ut nok til at kalven får det han treng. Dette vil hjelpe kua, for ho ikkje kan produsere meir mjølk enn det er plass til i juret.

CAD – kation-anion-balansen

CAD uttrykker forholdet mellom ulike mineral, og høy kation-anion-balanse i grovfôret hindrar opptak av kalsium (Ca) frå tarmen. Høg pH i urinen til kua er eit teikn på at kua har fått for mykje kalium (K) i fôret, og dermed er ho meir utsett for mjølkefeber.

Derfor er det viktig å gi kyrne fôr med negativ kation-anion-balanse mot slutten av drektigheita så kroppen blir stimulert til å ta opp kalsium frå tarmen. Målet er å få pH i urinen ned til mellom 6 og 7 ved å justere fôringa. Men snakk med ein fôringsrådgivar og konsulter dyrlegen før du set i gang!

Visste du at ...

Kroppstemperaturen hos ei ku med mjølkefeber går NED, ikkje opp.

Luftvegsinfeksjonar

Infeksjonar i luftvegane kjem som regel av virus, og unge dyr er mest utsette. Smittepresset er spesielt høgt i store besetningar som baserer seg på innkjøpte dyr. Det kan komme av stress under transport og blanding av dyr frå ulike miljø med ulik immunstatus.

Luftvegsinfeksjonar kan òg komme av bakteriar, eit døme på det er storfetuberkulose. Storfetuberkulose er lite smittsamt samanlikna med mange andre sjukdommar, men kan smitte frå dyr til menneske gjennom upasteurisert mjølk og mjølkeprodukt.

Førebygging

For å unngå luftvegsinfeksjonar er det viktig med godt reinhald og at det ikkje er vått og fuktig i miljøet til dyra. Unngå å blande kalvar med stor aldersforskjell, og sørg for at dyra har nok plass. Hugs at mindre grupper òg gir deg betre høve til å kontrollere og avgrense eit smitteutbrot.

Hugs!

Helseattest ved kjøp og sal av livdyr er eit minstekrav om du vil unngå å spreie smittsame sjukdommar.

Oppgåver

Kjelder

Bergfjord, O. V. (2019). Smart fôring kan føre­byggja ­mjølkefeber. Buskap, 7–2019. https://www.buskap.no/article/2019/10/Smart-f%C3%B4ring-kan-f%C3%B8re%C2%ADbyggja-%C2%ADmj%C3%B8lkefeber

Løken, L. P., Groseth, P. K. og Kummen, E. (2021). Luftveissjukdom hos storfe i framfôringsbesetninger. Norsk veterinærtidsskrift, 1–2021. https://nvt.vetnett.no/journal/2021/1/p-350/Luftveissjukdom_hos_storfe_i_framf%C3%B4ringsbesetninger

Mattilsynet. (2023, 30. januar). Spørsmål og svar om storfetuberkulose. https://www.mattilsynet.no/dyr/dyresykdommer/tuberkulose/sporsmal-og-svar-om-storfetuberkulose

Meland, S.I. (2023, 20. juli). Melka avslører "usynlig" sykdom hos kyr. SINTEF. https://www.sintef.no/siste-nytt/2023/melka-avslorer-usynlig-sykdom-hos-kyr/

Nilsen, A. (2022, 14. oktober). Mjølkefeber. Norsk veterinærtidsskrift, 1–2024. https://nvt.vetnett.no/journal/2024/1/m-1080/Mj%C3%B8lkefeber

Steen, A. (2023, 4. januar). Praktisk forebygging av mjølkefeber hos mjølkekyr. Arvid Steen. https://drarvidsteen.no/mjolkefeber.html

Steen, A. (2021, 15. oktober). Praktisk håndtering av skjult (subklinisk) ketose hos mjølkekyr. Arvid Steen. https://drarvidsteen.no/subklinisk-ketose.html

Veterinærinstituttet (2026). Dyrehelserapporten 2025. https://www.vetinst.no/rapporter-og-publikasjoner/rapporter/2026/dyrehelserapporten-2025/_/attachment/inline/79408fa2-5216-4356-9b8f-29a2172c1e77:b9c927a8120e90da9bbdfcac3e26852a9455cb81/Dyrehelserapporten%202025%20v2.pdf

Vik, K. R. (2026). Ny teknologi kan redusere mjølkefeber til eit minimum. Buskap, 1–2026. https://www.buskap.no/article/2026/02/Ny%20teknologi%20kan%20redusere%20mj%C3%B8lkefeber%20til%20eit%20minimum

Volden, H. (2025). Blodsukker er en kritisk faktor i starten av laktasjonen. Buskap, 6–2025. https://www.buskap.no/article/2025/09/Blodsukker%20en%20kritisk%20faktor%20i%20starten%20av%20laktasjonen

Relatert innhald

Kalvehelse

Nok råmjølk av god kvalitet og godt reinhald er avgjerande for at kalvane skal få ein best mogleg start og halde seg friske.

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 10.06.2026