Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Unormal kalving

Som regel klarer kua kalvinga på eiga hand, men det kan òg oppstå komplikasjonar under fødselen. Derfor er det viktig at du følger med sånn at du kan hjelpe til eller tilkalle hjelp viss det trengst. Viss kalven ligg feil eller er for stor, kan både kua og kalven døy utan kunnig hjelp.

Teikn på at kua treng hjelp

Viss du ser at kua førebur seg til å fø utan å komme lenger enn til opningsfasen i løpet av 2–4 timar, er det stor sjanse for at ho treng hjelp. At kua er meir uroleg og skrapar meir mot underlaget, er eit teikn på at fødselen ikkje går som han skal. Ho kan òg dytte seg mot veggen og vise teikn på smerte.

Det er normalt at kviger er meir urolege enn eldre kyr, men det bør uansett ikkje gå for lang tid før du ser vasskalven (fosterblæra).

Kva kan vere i vegen?

Det kan vere fleire årsaker til at fødselen stoppar opp. Her har vi lista opp nokre vanlege grunnar til at det kan vere nødvendig å gripe inn:

Feilstillingar

I ein normal fødsel skal kalven komme med frambeina og mulen først, men feilstillingar er ikkje uvanleg. Det finst mange ulike feilstillingar, men her er nokre av dei vanlegaste:

Bakbeina først
Viss kalven kjem med bakbeina først, går det som regel bra, men hugs at kalven vil begynne å puste så snart navlestrengen kjem i klem. I verste fall kan kalven drukne i fostervatn viss ein baklengsfødsel tek for lang tid.
Éin fot, bøygde ledd eller tilbakeslått hovud
Det skjer òg at kalven kjem med berre éin fot, bøygde ledd eller med tilbakeslått hovud. Då må feilstillinga rettast opp, og det kan hende du må ha hjelp av dyrlegen for å berge ku og kalv.
Setefødsel
Setefødsel er at kalven kjem baklengs med halepartiet først, mens begge bakbeina ligg innunder kalven. Når dette skjer, stoppar fødselen heilt opp, og kalven må snuast inne i kua. Dette er veldig tungt og vanskeleg, og jobben bør overlatast til dyrlegen!
Tvillingfødsel
Ved tvillingfødsel kan det komme eit bein frå kvar av kalvane til fødselsopninga. Det er sjølvsagt ikkje plass til å føde to kalvar samtidig, så òg i slike tilfelle må kua få kunnig hjelp.

Storleik

Både storleiken på kua og storleiken på kalven kan skape problem under fødselen, derfor er det viktig å ha dette i bakhovudet allereie ved paring eller inseminering. For å vareta dyrevelferda under kalvinga må du altså velje rett okse som far til kalven.

  • Storleiken til kua avheng både av alder og rase. Du skal aldri pare ei lita ku med ein okse som gir store kalvar.

  • Drektigheitstida varierer med rase, og kjøttferasane har lengre drektigheitstid enn mjølkerasane. Dette må du vere klar over, sidan kalven veks mykje den siste veka før fødselen.

  • Det er ikkje tilrådd å pare eller inseminere kviger av NRF og andre mjølkerasar med kjøttfeoksar.

Børslyng/børdreiing

Vi kallar det børslyng når børen dreier seg om sin eigen akse sånn at fødselsvegen vrir seg. Då blir kalven stengd inne i børen, og fødselen stoppar opp. Børen kan vri seg både mot høgre og mot venstre, og du må ofte ha hjelp av dyrlegen for å berge ku og kalv.

I nokre tilfelle kan børslyng rettast opp ved å snu kalven rundt inne i kua med handmakt. Dette er både trongt, tungt og vanskeleg arbeid!

Ofte er det best å legge ned kua og så rulle ho rundt. Då er det viktig å undersøke ho først, så du er sikker på at du rullar rett veg. Dette er òg veldig tungt og vanskeleg å få til, så du vil nok trenge hjelp av både dyrlege og fleire erfarne folk.

Det hender òg at dyrlegen må ta keisarsnitt om kua har børslyng.

Fødselshjelp

Hygiene er veldig viktig når du skal hjelpe til under ein fødsel! I eit fjøs er det alltid mange bakteriar og andre mikroorganismar som kan gi infeksjonar viss dei slepp inn i børen.

Dei første gongene vil du trenge hjelp av ein erfaren bonde, og nokre gonger må du òg tilkalle dyrlegen for å hjelpe til under kalvinga. Same kven som skal hjelpe til, er det viktig å gjere det rett.

  1. Vask kua rundt fødselsopninga. Ikkje bruk såpe inni kua!

  2. Vask deg sjølv, og ta på plasthanskar (dyrlegehanskar). Bruk gjerne desinfeksjonsmiddel (jod) òg, før du går inn i fødselskanalen.

  3. Kjenn etter om kalven ligg i rett posisjon. Viss han ligg feil, må du rette han opp. Ofte må kalven dyttast inn i børen igjen, noko som er tungt arbeid sidan veane til kua jobbar for å presse han ut. Ring dyrlegen viss du ikkje klarer det på eiga hand!

  1. Når du er sikker på at kalven ligg rett, kan du begynne å dra. Ofte er det nødvendig å bruke tau eller kjetting på beina. Tauet eller kjettingen må vere rein, og du må passe på å feste dei over kodeleddet og ikkje rett over klauvene. I verste fall kan klauvene losne viss du gjer dette feil!

  2. Det er viktig at du dreg i rett retning, skrått nedover mot golvet viss kua er oppreist.

  3. Hugs å dra i takt med fødselsveane til kua, og ikkje slit og dra i kalven mellom veane!

Hjelpemiddel

Det finst mange ulike hjelpemiddel å få kjøpt som kan lette arbeidet med fødselshjelp. Men det er slett ikkje alle som skal brukast utan at du samrår deg med dyrlegen eller andre som har lang erfaring. Her er nokre døme på hjelpemiddel, med tilråding om bruk.

Glidemiddel

Du bør alltid ha glidemiddel i fjøset i tilfelle det oppstår problem under fødsel. Glidemiddel smørjer fødselsvegane og gjer kalvinga lettare. Du må ikkje bruke grønsåpe, ho er sterkt basisk og kan skade slimhinnene i fødselsvegen.

Tau, sele eller kjetting

Kjettingar som er laga for fødselshjelp, har handtak og er lette å desinfisere etter bruk. Tau eller sele finst i ulike variantar og fungerer òg bra. Hygiene er alltid viktig, så tau og selar må òg reingjerast og bli desinfiserte før du skal bruke dei neste gong.

Fødselsjekk

Ein fødselsjekk vil gi deg store krefter, noko som kan øydelegge kua innvendig og òg gjere stor skade på kalven viss du bruker han feil. Før du bruker ein fødselsjekk, må du vere heilt sikker på at kalven ligg rett, og at han ikkje er altfor stor til å komme ut gjennom fødselskanalen.

Du må òg ha veldig gode kunnskapar om anatomien i bekkenpartiet til kua, sånn at du alltid trekker i rett retning. Hugs at feil bruk av store krefter vil føre til store lidingar for både kua og kalven! Det er viktig å tilkalle dyrlegen for å sikre at dyrevelferda blir vareteken heller enn å utsetje dyra for dette.

Det er ikkje lov til å bruke traktor, vinsj eller andre innretningar til å trekke ut kalven!

Oppgåve

Kjelder

Bergfjord, O. V. (2022). Børslyng. Buskap, 7/2022. https://www.buskap.no/article/2022/10/B%C3%B8rslyng

Brændvang, B. C. (u.å.). Kalvingsproblemer. Kjøttfe i praksis. Henta 26. september 2024 frå https://www.tyr.no/angus/wp-content/uploads/sites/2/2016/06/Kalvings-problemer.pdf

GENO. (2020, 23. november). Tilbakeholdt etterbyrd. https://www.geno.no/fagstoff-og-hjelpemidler/fagstoff/brunst-og-fruktbarhet/fruktbarhet-og-fruktbarhetsproblemer/fruktbarhetsproblemer/tilbakeholdt-etterbyrd/

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 26.09.2024