Viktige hendingar for norsk språkstyring 1900–2020 - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppslagsverk og ordliste

Viktige hendingar for norsk språkstyring 1900–2020

Etter at Noreg fekk to skriftspråk på 1800-talet, blei det fart på språkstyringsarbeidet. Nedanfor kan du lese om sentrale hendingar som har bidrege til å endre språksituasjonen i Noreg.

Oppsummering

I løpet av 1900-talet blei bokmålet heilt norsk, og både nynorsk og bokmål blei moderniserte og tilpassa talespråket. Dei to skriftspråka blei òg likare kvarandre. Dessutan sit vi igjen med ein del valfridom i bøyingsformer og stavemåte, særleg i bokmål.

Språkpolitikken og lovene har etter kvart blitt tilpassa ei meir moderne verd og eit meir samansett norsk språksamfunn. Den nye språklova skal ta vare på språkmangfaldet og styrkje både det norske språket, dei samiske urspråka og minoritetsspråka. I dag diskuterer vi særleg korleis vi skal unngå at engelsk tek heilt over for norsk eller andre språk i samfunnet.

Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2021