Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Skriv korrekt og god norsk!

Oppgåve
Interaktivt innhald

Tre kommareglar du må kunne

Kommareglane kan verke uoverkommelege. Men visste du at du kjem veldig langt med å lære deg tre av dei?

Kva lærer du?

Etter å ha gjennomført desse oppgåvene, skal du kunne tre kommareglar som norske elevar ofte slit med.

Målet er altså ikkje at du skal kunne alle kommareglane, men det er ikkje noko i vegen for at du lærer deg desse om du synest du er klar for det. Du kan lese meir om kommareglar på Språkrådet si nettside: Språkrådet om kommareglar.

I den første oppgåva vil du finne dei tre viktigaste kommareglane med nokre oppgåver til. Etter at du har gått gjennom denne, er du klar for resten av oppgåvene på sida.

Del 1: Les om kommareglane

Les fagartikkelen "Tre kommareglar du må kunne".

Del 2: Fortel kva du har lært

I presentasjonen over lærte du tre kommareglar. Prøv å fortel dei att skriftleg utan å sjå på presentasjonen. Hugs å lage døme til kvar av dei tre reglane.

Del 3: Bruk det du har lært

Denne oppgåva kan du gjerne gjere saman med ein medelev. Sjå på setninga på kortet og

  1. diskuter om setninga har brukt komma riktig
  2. forklar ved å vise til ein av dei tre kommareglane

Del 4: Kor skal komma stå?

Del 4 som rein tekst

Då vi kom heim frå ferie var det blitt vinter.

Treet som låg over vegen var delt i to.

Du må kome heim viss du skal rekke middag.

Ho skreiv og eg leste.

Ho skreiv og leste på same tid.

Når nordmenn handlar dreg dei gjerne til Sverige.

Sverige som har gult og blått flagg er nabolandet vårt.

Viss Noreg vinn kampen jublar eg.

Del 5: Skriv sjølv

Skriv ei historie på omtrent 300 ord. Prøv å legge inn flest mogleg setningar der du få brukt dei tre kommareglane.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 15.10.2025