Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Skriv korrekt og god norsk!

Oppgåve
Interaktivt innhald

Stor eller liten forbokstav?

Skriv du Norsk eller norsk? Og kva med Måndag eller måndag? Desse oppgåvene tek for seg nokre vanlege feil ved bruk av liten og stor forbokstav.

Del 1: Eigennamn

Del 1 som rein tekst

Henrik ibsen voks opp i skien. Det ligg i telemark fylke sør-aust i Noreg. Etter kvart flytta han vidare til Grimstad der han jobba som Apotekarlærling. Grimstad ligg i agder, ganske langt Sør i Noreg. Ibsen budde både i tyskland og Italia. Men etter kvart vende han tilbake til Noreg og Chistiania. Han gifta seg med Suzannah daae Thoresen. Mykje av tida i Christiania brukte han på *grand* hotell. Han døydde som 78-åring i arbins gate.

Hint! Det er ni slike feil her.

  1. Sjekk deg sjølv først. Trykk på alle orda i teksten over som du meiner har feil forbokstav.
  2. Under ser du ei liste over somme av orda i øvinga over. Dei til venstre skal ha stor forbokstav, dei til høgre liten. Klarer du å forklare kvifor det er slik?
stor eller liten forbokstav

Stor forbokstav

Liten forbokstav

  • Henrik
  • Ibsen
  • Skien
  • Agder
  • Arbins gate
  • Grand hotell
  • apotekarlærling
  • sør
  • gate
Løysing

Svaret er at orda til venstre er eigennamn, medan orda til høgre ikkje er det.

Kva er eigennamn?

Eigennamn er namn som er særeigent for den/det som har dette namnet: bygningar (Grand hotell, Stortinget), personar (Henrik Ibsen), geografiske stader (Skien, Agder) og aviser/tidsskrift (Dagbladet).

På norsk skal du alltid skrive eigennamn med stor bokstav. Eit tips for å finne ut av om eit ord er eit eigennamn eller ikkje er å tenkje: "Kan eg telje det?". Om det er noko det berre er eitt av, som til dømes "Grand hotell", er det eit eigennamn.

Viss det er eit substantiv du kan bøye, altså setje i fleirtal (fleire hotell, men berre eitt Grand hotell), er det eit fellesnamn. Desse skal skrivast med liten forbokstav.

Regel oppsummert

På norsk skal du alltid skrive eigennamn med stor bokstav. Andre substantiv (fellesnamn) skal skrivast med liten forbokstav.

Forstod du regelen over? Prøv deg på oppgåva under for å sjekke.

Del 2: Fyll inn

Del 3: Nasjonalitet, språk og land

Korleis trur du uttrykket skal skrivast? Skal det vere stor eller liten forbokstav om språk, land og nasjonalitet?

Regel

Når du skriv om land, nasjonalitet og språk, er namnet på landet det einaste som skal vere stort.

Lag deg ein hugseregel på setninga "Ein norsk nordmann frå Noreg".

Hugs setninga og minn deg sjølv på at berre det siste ordet skal med stor forbokstav.

Del 4: Månader, år og høgtider

Kva kan du frå før? Sjekk deg sjølv i oppgåva under. I den første setninga skal du fylle ut den manglande bokstaven, stor eller liten, i to norske setningar. I den andre skal du skrive forbokstaven i to engelske setningar.

Grunnen til at du både skal skrive engelsk og norsk, er at ei vanleg årsak til mange feil med forbokstavar, er at vi blandar norske og engelske skrivereglar.

Kva lærte du av testen over?

Fyll ut det manglande ordet i reglane om bruk av stor og liten forbokstav i månader, år og høgtider i oppgåva under:

Del 5: Finn rett ord

Del 6: Finn ord som er skrivne feil

Her må du bruke kunnskapar om forbokstavar i både eigennamn, land, nasjonalitet, språk, månader, vekedagar og høgtider.

Del 6 som rein tekst

Ein gong for lenge sidan skulle Nordmannen Roald amundsen dra til sørpolen. Sørpolen ligg, ikkje overraskande, langt sør på kloden – ja, faktisk sør for sør-Afrika. Han fekk konkurranse av engelskmannen Robert F. Scott. Amundsen annonserte turen Fredag 9. september. Han sette av stad med hundar frå grønland. Scott, som snakka Engelsk, valde å satse på hestar og motoriserte køyretøy. Enden på visa blei at amundsen vann kappløpet suverent. Ti dagar før Julaftan var han framme ved sørpolen. Den Engelske polfararen burde nok satsa på grønlandske hundar han òg. Han kom ikkje fram til polpunktet før Onsdag 12. januar.

Hint! Her er det 12 feil.

Del 7: Oppsummer det du har lært

Finn ein medelev som meiner hen meistrar stor og liten forbokstav. Få hen til å skrive ned minst tjue ord som har nemninga:

  1. eigennamn
  2. land
  3. nasjonalitet
  4. språk
  5. vekedagar
  6. månader

Etterpå skal medeleven din lese opp orda i tilfeldig rekkjefølgje. Det er om å gjere for deg å svare "liten!" eller "stor!" hurtigast mogleg. Men hugs: Det er viktigare å få det rett enn å vere rask.

Medeleven rettar på deg om du gjer noko gale. Gjer det om igjen til det sit.

Del 8: Plasser orda rett

Skal du skrive ordet med stor eller liten forbokstav? Dra det til riktig boks.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 13.10.2025