For eller får?
Del 1: Tenk litt!
Under ser du nokre setningar med rett bruk av for og få(r). Klarer du å forklare med eigne ord når du skal bruke for, og når du skal bruke får?
Tips
Litt glad i grammatikk? Prøv å plassere dei to orda i ordklassar. Er dei brukte som verb, konjunksjon eller adverb i dømesetningane?
Vil du heller satse på øyrekontroll? Lytt godt til korleis orda blir uttalte. Kvar ligg forskjellen? Og korleis kan det du høyrer, hjelpe deg å velje rett skrivemåte?
Døme
Til veka får vi ein liten hund.
Eg er trøytt, for eg har hogd ved i heile dag.
Du har for mange planar.
Lurer du på kva som er rett svar? Då kan du lese fasiten når du har tenkt litt. Og du bør absolutt lese vidare og lære deg reglane for bruk av for og får. Dei er enklare enn du vil tru!
Del 2: Forskjellane mellom for og får
Kva er får?
Får er ei form av verbet å å få: no får eg – i går fekk eg – eg har fått.
Du får ein pakke i posten.
Eg får ikkje lov til å dra på konserten.
Verb kan bøyast i tid. Du kan til dømes erstatte presensforma får med fortidsforma fekk:
Du fekk ein pakke i posten i går.
Eg fekk ikkje lov til å dra på konserten.
Ordet får blir uttalt med lang å-lyd.
Kva er for?
For er eit ord som ikkje kan bøyast. Det kan vere preposisjon:
- Det var vanskeleg for henne å spørje om hjelp.
Eg jobbar for eit advokatfirma i Trondheim.
Dei kom for å feire bestefar.
For eit vêr!
I tillegg kan for vere ein konjunksjon, det vil seie eit ord som bind saman to setningar. For innleier då ei setning som oppgir ei årsak:
Ho mista bussen, for ho hadde forsove seg.
For kan òg vere gradsadverb og angi ein for høg grad av noko:
Buksa hans er for stor.
Ordet for uttaler vi med kort å-lyd ("fårr").
Men korleis skal eg hugse dette?
Det er sjølvsagt supert om du kan plassere for og får i dei rette ordklassane, men du kjem òg langt med nokre enkle reglar. Les tipsa nedanfor!
Tips
Bruk øyrekontrollen! Får har lang å-lyd, for har kort å-lyd. Les setninga høgt og ver merksam på korleis du uttaler ordet, så veit du korleis du skal skrive det.
Får kan erstattast med fekk, for kan ikkje erstattast med fekk. Set inn fekk, så ser du om får eller for er rett form i setninga.
Del 3: Test deg sjølv
No skal du løyse to oppgåver og sjekke om du klarer å bruke reglane. Du kan velje mellom vanleg tekst og interaktive øvingar.
Øving 1
Øving 2
Tillegg
Får kan òg bety "sau". Då er det eit substantiv:
Bonden har mange får gåande ute på beite.
Vi uttaler substantivet får med lang å-lyd, akkurat som verbforma får.
For kan òg vere eit substantiv, men då uttaler vi ordet med lang o-lyd, og vi skriv det ofte med ein tøddel over, fôr. Fôr er mat du gir til dyr:
Ikkje gi hunden for mykje fôr, for då blir han tjukk.
Heilt til slutt skal du få ei setning full av får og for. Kva betyr han?
Mange får får for mykje fôr.