Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Skriv korrekt og god norsk!

Oppgåve
Interaktivt innhald

Sin/sitt/sine eller hans/hennar/deira?

– "Han vaska tåneglene hans."

– "Hæ, var ikkje det litt vel intimt?"

– "Det må jo vere lov å vaske neglene sine når dei er skitne!"

– "Åja... sine ja..."

Kven har gjort kva mot kven?

Den lille dialogen øvst viser at det å blande "sin" og "hans" kan skape forvirring. For når er det eigentleg du skal bruke hans/hennar, og når skal du bruke sin?

For å få til denne oppgåva er det ein fordel å kjenne til omgrepa subjekt og verbal:

  1. Subjektet i ei setning er den eller det som gjer noko. Ganske ofte er subjektet eit substantiv: "Mannen søv". Men det kan også vere eit pronomen: "Han søv".
  2. Det er ikkje vanskeleg å finne verbalet i ei setning. Verba i ei setning er nemleg alltid verbal: "Mannen søv, og barnet skal sove."

Del 1. Finn riktige setningar

Klarer du å sjå kva setningar som er riktige under? Fire av setningane har heilt riktig bruk av sin, hans, hennar eller deira, mens fire er gale.

Forklaring

Sjå på setningane:

  1. Ho skreiv dikta sine medan ho budde i Italia.
  2. Ho skreiv dikta hennar medan ho budde i Italia.

Den første setninga betyr at "ho" var i Italia og skreiv sine eigne dikt. Den andre betyr at ho skreiv dikta til ei anna kvinne medan ho var i Italia.

Regel

Når du viser tilbake til subjektet i setninga (S), skal du alltid bruke pronomenet sin/si/sitt/sine:

  • Ho (S) klaga til mora si.
  • Dei (S) kyssa konene sine.
  • Dei (S) kjøpte hunden sin på ein kennel i Bodø.

Når du viser til andre setningsledd, skal du bruke hans/hennar/deira:

  • Ho klaga til mora hennar. (Sidan det er brukt "hennar" her, må setninga bety at "ho" gjekk til mora til ei anna jente og klaga.)
  • Dei kyssa konene deira. (Her er det nokon som kysser andre sine koner, ikkje sine eigne).
  • Dei kjøpte hunden deira på ein kennel i Bodø. ("Dei" har drege til Bodø for å kjøpe hunden til nokon andre).

Del 2: Finn referansen

Sjå på setningane under. Kva for ord viser ordet med tjukk skrift til?

Del 2 som rein tekst

Kva setningsledd viser orda til?

Kvar eksempelsetning under inneheld eit eigedomsord. Finn først eigedomsordet. Finn deretter ut kva for eit ord i setninga eigedomsordet viser tilbake til.

  1. Mannen tok hatten sin og gjekk.

  2. Mannen hjalp kona med hatten hennar.

  3. Kristine sende brevet sitt til Danmark.

  4. Kristine gav brevet til Anja. Anja sende brevet hennar til Danmark.

  5. Sissel gav elevane sine ros.

  6. Sissel gav elevane den første karakteren deira.

Del 3: Fyll inn

Del 4: Vel rett ord

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 12.01.2026