Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Skriv korrekt og god norsk!

Oppgåve
Interaktivt innhald

Då eller når?

"Den gang då, kvar gang når". Slik er regelen. Men er det alltid så enkelt?

Enkelt?

I utgangspunktet er svaret: Ja! Det er så enkelt at du skal bruke når du skriv om ei hending som har skjedd ein gong i fortid. Når det er noko som skjer fleire gongar, skal du bruke når:

  • Når eg dreg på ferie, tar eg alltid med meg pass.
  • eg drog til Italia, gløymde eg pass.

Men kva med denne setninga?

  • Når/Då eg var liten, likte eg å spele fotball.

Dersom du skal bruke "den gong då, kvar gong når"-regelen, er det mest logisk at det skal stå når her. Det at "eg" likte å spele fotball, var jo noko som skjedde gjentekne gonger. Men svaret er at det skal stå:

  • eg var liten, likte eg å spele fotball.

Årsaka er at om du skriv om ei hending frå fortida som gjekk over ein lengre tidsperiode, skal du bruke :

  • Ibsen voks opp, budde han i Skien.
  • Noreg var i union med Danmark, var dei fleste nordmenn bønder.

Oppgåve 1. Dra orda inn i riktig boks

Oppgåve 2. Fyll inn rett ord

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 13.02.2026