Tre kommareglar du må kunne
1. Alltid komma når du startar med ei leddsetning
Du skal setje komma når ei leddsetning kjem først i ei heilsetning:
Når leddsetninga står først, skal du setje komma.
Då vi gjekk, sovna han.
Viss du køyrer for fort, får du bot.
2. Alltid komma når du bind saman to heilsetningar
Når du bind saman to heilsetningar med og, eller, men og for, skal du alltid ha komma mellom dei.
Han åt, og han sov. (To heilsetningar: "Han åt" og "han sov")
Vi drog til byen, og ho besøkte bestemor. (To heilsetningar: "Vi drog til byen" og "ho besøkte bestemor")
Vil du dra heim, eller vil du bli? (To heilsetningar: "Vil du dra heim" og "vil du bli")
3. Alltid komma på begge sider av innskoten leddsetning
Du skal ha komma på begge sider av ei innskoten leddsetning som ikkje er nødvendig i heilsetninga.
Den gamle mannen, som går der borte, er ein grei kar.
Hesten, som vi kjøpte i fjor, har vunne alle løpa.
Henrik Ibsen, som var forfattar, var ikkje spesielt høg.
Test deg sjølv
Har du forstått det? Test deg sjølv i dei tre kommareglane: