Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Skriv med KI

Korleis kan du bruke praterobotar som støtte når du skal skrive dine eigne tekstar, og kvifor er det viktig å tenke gjennom dette?

Oppgåve 1. Kan KI støtte skriving?

Alle i klassen skal løyse same oppgåve, men de skal løyse henne på tre ulike måtar.

Del 1: Snakk saman

Bruker de KI når de gjer skulearbeid? Viss svaret er ja, fortel kvarandre om korleis de bruker KI. Viss svaret er nei, forklar kvifor de ikkje gjer det.

Skriv eitt–to avsnitt (cirka 150 ord) om fordelar og ulemper med å bruke KI i skulearbeid.

Del 2: Skriv teksten

Gå saman tre og tre og vel metoden dykkar frå lista under:

  1. La KI skrive heile teksten for deg.

  2. Bruk KI som idéhjelp.

  3. Skriv ein tekst heilt utan hjelp av KI.

Til læraren

Dei som berre nyttar KI til å skrive for seg, bruker gjerne kortare tid på oppgåva enn dei to andre gruppene. Ha derfor ei ekstraoppgåve klar. Det kan til dømes vere å skrive ned informasjon om kva praterobot dei brukte, og kva slags instruksar dei gav til roboten.

Gruppa kan òg oppfordrast til å prøve fleire gonger og teste om det blir betre tekstar ved å endre på instruksane.

Del 3: Les og diskuter

  1. Les kvarandre sine tekstar.

  2. Kva lærte kvar enkelt av dykk av å skrive på denne måten?

  3. Kva tekst er mest truverdig, presis og best tilpassa oppgåva?

  4. Kva gruppe lærer mest?

  5. Kva skjer med rettferd og konkurranse i skulen viss nokon elevar bruker KI til å skrive ferdige tekstar, mens andre jobbar utan KI?

Del 4: Lag ei felles liste

Diskuter dykk fram til ei felles liste som skal heite: "Fem reglar for god bruk av KI på skulen".


Oppgåve 2. Kven skriv det beste avsnittet?

Del 1: Skriv eit avsnitt

Alle gruppene skal skrive den same oppgåva, men de skal løyse henne på tre ulike måtar.

Til lærar

Grupper på to–tre elevar vil vanlegvis fungere godt. Du kan gjerne la gruppene velje i kva grad dei vil bruke KI, men pass på at du har nokre elevar på alle variantane.

Gruppene som bruker KI, vil sannsynlegvis bruke kortare tid enn dei som skriv sjølv. Då bør dei oppmuntrast til å prøve fleire gonger med ulike . Be gruppene ta vare på både dei ulike instruksane dei gir og dei ulike forslaga dei får frå prateroboten. Elevane skal òg skrive logg der dei viser kva praterobot dei har brukt, og kva instruksar dei har gitt.

Oppgåva

Skriv eitt–to avsnitt (cirka 150 ord) om fordelane og ulempene med å bruke KI i skulearbeid.

Vurderingskriterium

Ein god tekst skal

  • svare på oppgåva

  • ha tydeleg struktur

  • forklare og grunngi

  • ha eit godt språk tilpassa målgruppa (elevar på vg1)

Gruppe A

La KI skrive heile teksten for dykk. Hugs at det er viktig å skrive gode til roboten! Prøv fleire gonger til de er nøgde.

Skriv ein logg der de får med kva slags robot de har brukt, og kva for instruksar de har gitt. Lim òg inn dei ulike tekstforslaga de får, og skriv kort kvifor de vel å bruke dei eller ikkje bruke dei.

Gruppe B

Bruk KI som idéhjelp, men skriv teksten sjølv. De kan til dømes få forslag til punkt som kan vere med. Ein god og tydeleg instruks som viser kva de vil ha hjelp til, er viktig.

Skriv ein logg der de får med kva slags robot de har brukt, kva for instruksar de har gitt, og kva slags hjelp de fekk.

Gruppe C

Skriv ein tekst heilt utan hjelp av KI. Fordel oppgåver innan gruppa: skrive utkast, undersøke kjelder og lese artikkelen "Korleis lage gode avsnitt i fagartiklar?".

Start med at alle kjem med idéar og punkt som bør vere med i teksten, og bli einige om ein struktur på avsnittet. Når teksten er skriven, les alle nøye gjennom og sjekkar at språket er godt og utan feil.

Del 2: Les og diskuter

Les innleiingane til alle dei tre guppene høgt for kvarandre i klassen og diskuter:

  1. Kva er likt og ulikt mellom dei tre tekstane?

  2. Kven trur de lærte mest av metoden dei valde?

  3. Kva avsnitt fungerer best, synest de? Kvifor?

Del 3: Samanfatt

  1. Kva for fordelar og ulemper hadde dei tre metodane?

  2. Når ville de ha brukt prateroboten som skrivehjelp? Når ville de ha droppa det?

  3. Kva meiner de er det viktigaste å tenke over når de får skriveoppgåver der det er lov å bruke praterobotar?

Skrive av Synnøve Skare Baade.
Sist oppdatert 10.11.2025