To oppgåver til fagsamtale om språk - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

To oppgåver til fagsamtale om språk

Her finn du to oppgåver som kan skape interessante fagsamtalar om språklege emne. Til kvar oppgåve får du pensum, tekstutval og hjelpespørsmål. I tillegg finn du vurderingskriterium heilt nedst.

For mykje engelsk i norsk språk?

Oppgåvene du kan velje mellom under, har vedlegg som er skrivne på 1800- og 1900-talet. Alle handlar om språkutvikling og framtida for norsk språk. Før du byrjar å lese desse, kan det vere lurt å setje seg inn i korleis situasjonen er i dag.

  1. Sjå episoden For mye engelsk i norsk språk? i Debatten på NRK.

  2. Noter argument debattantane kjem med, mens du ser programmet.

  3. Diskuter den følgande problemstillinga i klassen: Er det for mykje engelsk i norsk språk?

Oppgåve 1. Språket – berre eit verktøy eller ein verdi i seg sjølv?

NB! Les heile oppgåveteksten før du ser på vedlegga.

Problemstilling: Drøft korleis synspunkta og argumenta til dei fire forfattarane avslører haldningane dei har til

  • språk og demokrati

  • språk og sosiale forhold

  • språk og nasjonal eller kulturell identitet

  • språk og læring/skule

Kommentar: Du skal bruke døme frå tekstane når du drøftar. I drøftinga er det først og fremst språkhaldningane slik dei kjem fram i vedlegga du skal utforske og kommentere.

Hjelpespørsmål

  • Kva er hovudsynet i dei ulike tekstvedlegga? Klarer de å bli einige om dette i den følgande samtalen?

  • Kva meiner dei ulike forfattarane om spørsmåla under, og kva er hovudargumenta deira for kvart synspunkt? (NB: Ikkje alle meiner noko om alt.):

    • Bør språket og språkutviklinga blir styrt i stor eller lita grad?

    • Er det talespråket eller skriftspråket som er viktigast for kva veg språket utviklar seg?

    • Er nokon språk eller språkvariantar finare, reinare eller viktigare enn andre?

    • Kven bestemmer over språket – språkbrukarane eller språkekspertar og styresmakter?

    • Er det fleirtalet som bør bestemme over utviklinga til språket?

    • Kva er den viktigaste oppgåva til språket?
    • Er det viktig med eit eige nasjonalspråk?
  • Er det haldningar og argument du er sterkt ueinig i? Kvifor?
  • Er det haldningar og argument du meiner ikkje ville halde like godt i dag? Kvifor?

Gode kjelder / pensum

Relatert innhald

Fagstoff
Kvifor har norsk to skriftspråk?

Forteljinga om korleis norsk fekk to ulike skriftspråk, er reine eventyret. Bakgrunnen for den unike norske situasjonen oppstod på 1800-talet.

Fagstoff
Ivar Aasen og landsmålet

Ivar Aasen vigde mesteparten av livet sitt til å skape eit norsk skriftspråk. Kva var det som dreiv han?

Oppgåve 2. Aasen og Knudsen om engelskpåverknad i dag

NB! Les heile oppgåveteksten før du ser på vedlegga.

Problemstilling: Kva hadde Aasen og Knudsen sagt om den påvirknaden engelsk har i dagens moderne norsk? Drøft spørsmålet og grunngi påstandane deira ved å vise til konkrete døme i vedlegga.

Du skal bruke desse fagomgrepa:

  • nasjonale, pedagogiske og demokratiske motiv

  • purisme

  • norvagisering

  • fornorsking

  • avløserord

  • normativ

  • deskriptiv

  • fri eller styrt språkutvikling

  • språknormering


Kommentar: Oppgåva di er å forstå Aasens og Knudsens syn på språk, på det norske språket, og på påverknad frå andre språk så godt som mogleg. Du bør leggje merke til synspunkta og argumenta deira, for du skal referere til dei når du drøftar kva Aasen og Knudsen ville meint om dagens språksituasjon og påverknad frå engelsk. I samtalen bør du bruke fagomgrepa som er oppgitte.

Hjelpespørsmål

  • Kva haldningar har Aasen og Knudsen til forholdet mellom språk og nasjon, og kva er argumenta deira?

  • Kvifor vil Aasen heller samanlikne norsk med svensk enn med dansk?

  • Kva synest dei to forfattarane om å låne ord frå andre språk?

  • Kvifor er det Aasen kallar "almuespråket", "folkespråket" og språket hos "den mindre danna delen av folket" så viktig?

  • Ifølgje Ivar Aasen – kva skal til for å kunne kalle noko "reint" norsk språk?

  • Kva skal til for å kunne kalle noko "reint" norsk språk ifølgje Knud Knudsen?

  • Korleis argumenterer Aasen for ei rask språkreform, og korleis argumenterer Knudsen for ei meir forsiktig, gradvis språkreform?

  • Presenterer dei to forfattarane eventuelle konsekvensar ved for stor utanlandsk påverknad i språket? Eventuelt kva for konsekvensar?

  • Er det nokon haldningar og argument de meiner ikkje ville halde like godt i dag? Kvifor?

Gode kjelder / pensum

Relatert innhald

Fagstoff
Kvifor har norsk to skriftspråk?

Forteljinga om korleis norsk fekk to ulike skriftspråk, er reine eventyret. Bakgrunnen for den unike norske situasjonen oppstod på 1800-talet.

Vurderingskriterium

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2021