Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Korleis vise til kjelder i fagartiklar?

Når du skal skrive ein fagartikkel, bør du bruke kjelder. Det vil auke truverdet ditt, og du framstår som ein seriøs og kunnskapsrik skribent.

Før du begynner

Du skal no jobbe med det andre avsnittet i ein fagartikkel om ungdom og press. Før du startar på oppgåva her, er det lurt å sjå på forslag til avsnittsoppbygging og gjere oppgåva "Korleis lage gode avsnitt i fagartiklar". Då har du ferdig eit avsnitt for at det er for mykje press mot ungdom.

Sjå filmen

I filmen (lengde 3:03) vises det korleis du fører kjelder i ein fagartikkel . Tips: Du kan stille inn hastigheit på avspelinga.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Del 1: Skriv eit avsnitt

Sidan du skriv drøftande, må dette avsnittet ta for seg eit argument mot at det er for mykje press på ungdom. Har du til dømes valt å skrive om karakterpress som eit stressmoment i avsnitt éin, kan du no ta for deg det som talar mot at karakterpress verkeleg er eit problem.

  1. Vel eit argument som du synest passar som avsnitt to i hovuddelen din. I ei drøfting vil det ofte vere slik at to og to avsnitt handlar om det same momentet, men dei belyser det frå ulike sider. Kanskje du har skrive eit avsnitt der du argumenterer for at skulepress fører til ungdomsstress? Då kan det vere naturleg å følgje opp med eit avsnitt som handlar om at det å jobbe hardt på skulen også kan vere positivt.
  2. Skriv avsnittet.

Del 2: Øv på å flette inn sitat frå kjelder

I jakta på det perfekte avsnittet i fagartikkelen skal vi no føre inn eit nytt moment: Bruk av kjelder.

Sjå på avsnittet under som eit godt døme. Skrivaren argumenterer her for at det er best å bu på landet fordi ein ikkje kan velje bort dei som ikkje liknar ein sjølv. Vedkommande bruker ei kjelde (Statistisk sentralbyrå) som støttar opp om eigne døme eller observasjonar (Del 3).

Prøv å leggje merke til:

  1. korleis sitatet blir elegant bakt inn i eigen argumentasjon

  2. korleis sitat og kjelde blir vist til i teksten

Korleis bake sitatet inn i eigen tekst?

Teksten din får betre flyt dersom du klarer å flette inn sitata på ein smidig måte. For å få til dette kan du til dømes bruke ulike utsegnsverb.

Utsegnsverb er verb som:

  • hevdar, påstår, nemner, seier, uttaler, skriv, beskriv, framhevar, understrekar, meiner, argumenterer, påpeiker, støttar osb.

Dei signaliserer ikkje berre at det kjem eit sitat, dei seier også noko om korleis lesaren skal oppfatte sitatet, og dei sørgjer for språkleg variasjon.

Døme

Dette fenomenet skriv SSB om i undersøkinga “Det gode nabolag finnes mest på bygda” (2009). Om byfolk skriv dei: “Folk er mobile og velger selv hvem de vil omgås, og da velger de i stor grad folk i samme livssituasjon.”

Del 3: Bruk ei kjelde

Finn ei kjelde som kan vere relevant for eitt av avsnitta du har skrive om ungdom og press. Plukk ut eit sitat du meiner vil styrke argumentasjonen i dette avsnittet. Har du skrive om ungdom og skulepress? Kanskje du kan bruke nokon av kjeldene frå utforskingsfasen?

Bruk tipsa du har lært om å bake sitat inn i teksten.

Korleis føre kjelder i teksten?

Det er internasjonale reglar for korleis du skal føre kjelder i teksten din. Det finst likevel ikkje eitt regelsett som alle bruker, men eit mangfald. Dette er reglane for kjeldeføringa som er den vanlegaste i skulen:

Titlar på bøker, artiklar, intervju, undersøkingar osb. må du skrive med stor forbokstav, for dei er eigennamn. I tillegg må du vanlegvis markere dei slik:

  • Marker boktitlar med kursiv (skråstilt skrift).

  • Titlar på filmar, tv-program og teaterstykke kan du markere på same måten som romantitlar.

  • Kortare tekstar, artiklar og intervju er det vanlegast å markere med hermeteikn.

  • Aviser og blad skal ikkje ha markering, berre stor forbokstav.

Del 4: Gi kvarandre tilbakemelding

Set dei to avsnitta du har laga under kvarandre i eit dokument. Byt med ein medelev og gi kvarandre tilbakemelding på desse spørsmåla:

  1. Handlar avsnitta om eitt tema kvar?
  2. Har eg to temasetningar som gjer det klart kva avsnitta skal handle om?
  3. Drøftar eg problemstillinga? Altså: Gir dei to avsnitta ulike svar på om ungdom opplever for mykje press i dag?
  4. Har eg bakt sitata godt inn i teksten og ført kjelder riktig?

Relatert innhald

Skap flyt mellom setningane

Eit magisk triks for å skape god flyt i teksten din er å binde saman både setningar og avsnitt. Lær deg korleis du gjer dette.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 08.10.2025