Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Finn du verkemiddelet?

Øv deg på å kjenne igjen og reflektere over verkemiddel i dikt. I tillegg kan du finne kreative oppgåver med utgangspunkt i dikta.
Film der forfattaren Gro Dahle snakkar om språklege bilete. Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåve 1: Hvilket rom har bare plass til én?

Les diktet "Hvilket rom har bare plass til én?" Prøv først å svare utan å sjå hintet:

  1. Kva verkemiddel finn du i dette diktet?

  2. Kvifor trur du Dahle har valt akkurat dette verkemiddelet?

  3. Kva funksjon har verkemiddelet i diktet?

  4. Kreativ oppgåve: Teikn diktet!

Hint

Dahle bruker metaforar. Ein metafor er eit språkbilete der to ledd blir samanlikna utan å bruke ordet som.

Her samanliknar ho kroppen med "stakitt", "gjerde" og "dykkerdrakt".

Oppgåve 2. Mareritt i eventyrskogen

Les diktet "Mareritt i eventyrskogen" av Petter Solberg. Prøv først å svare utan å sjå hintet:

  1. Kva verkemiddel finn du i dette diktet?

  2. Kvifor trur du Solberg har valt akkurat dette verkemiddelet?

  3. Kva stemning synest du verkemiddelet skaper i diktet?

    • Kva for ord synest du skaper denne stemninga?

  4. Kreativ oppgåve: Gå saman i grupper. Gi kvarandre ulike "roller" i diktet. Éin er haustlauv, éin er røter og så vidare.

    • Lag stillbilete av diktet framfor klassen.

Hint

Solberg bruker besjelingar i diktet. Ei besjeling er når konkrete fenomen får menneskelege eigenskapar.

Her "skriker" lauv, røter "famler", og klippevegger "løper".

Oppgåve 3. Til rors, Columbus!

Til rors, Columbus!

Det har vært år da døden syntes fjern.
Nå går han over jorden kledd i jern.
Nå lever han som nådeløs fortrolig
og fryktet venn med bolig i min bolig.
På ruten hører jeg ham stundom ripe
når høstnatt-vinden tuter som en ulv

(Gunnar Reiss-Andersen, 1949)

Les diktet over. Prøv først å svare utan å sjå hintet:

  1. Kva verkemiddel finn du i dette diktet?

  2. Kvifor trur du Reiss-Andersen har valt akkurat dette verkemiddelet?

  3. Kva livsfase trur du stemma i diktet er i? Grunngi ved å vise til sitat i diktet.

  4. Kreativ oppgåve: Skriv om diktet med nye språklege bilete som framstiller døden som noko ikkje-truande.

Hint

Reiss-Andersen bruker personifikasjonar i dette diktet. Ein personifikasjon er når abstrakte fenomen får menneskelege eigenskapar.

Her er det døden som "går", "lever" og "riper".

Oppgåve 4. At være, eller?

At være, eller?

Er der en sms
eller er der ikke en sms

Det er spørgsmålet

(Ina Lykke Schmidt, 2008)

Les diktet over. Prøv først å svare utan å sjå hinta:

  1. Kva verkemiddel finn du i dette diktet?

  2. Kvifor trur du Lykke Schmidt har valt akkurat dette verkemiddelet?

  3. Kva funksjon meiner du virkemiddelet har i diktet?

  4. Kreativ oppgåve: Skriv eit kort, undrande dikt på mobilen og send det til ein annan i klassen.

Hint

Ein allusjon er eit lån frå ein annan tekst.

Her alluderer Ina Lykke Schmidt til Hamlet av Shakespeare: "Å vere, eller ikkje vere. Det er spørsmålet".

Kjelder

Dahle, G (1992). Regnværsgåter. Oslo. J.W. Cappelens forlag. a.s.

Reiss-Andersen, G. (1949). Prinsen av Isola og andre dikt. Oslo. Gyldendal.

Schmidt I.L. (2008). At være, eller? NDLA. https://ndla.no/article/16668

Solberg, P. (2008). Mareritt i eventyrskogen. NDLA. https://ndla.no/article/16577

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 04.12.2025