Finn og lag rim
Før du set i gang
For å klare denne oppgåva bør du kjenne til dei ulike rimmønstera vi har. Les fagartikkelen "Rimmønster".
Oppgåve 1. Finn riktig rimord
Diktet "Ti bud til en ung mann som vil frem i verden", som Jens Bjørneboe skreiv i 1963, er eit ironisk dikt om korleis menneske kjem seg opp og fram. Diktet er strofisk og har parrim.
Sit i par med kvar dykkar pc. Kven av dykk klarer å finne riktig rimord på første forsøk i utdraget under?
Oppgåve 2. Sorter verselinjene
Her ser du åtte verselinjer. Fire av dei høyrer til diktet "Episode" (1945) av Inger Hagerup. Diktet har kryssrim. Motivet i diktet er ein krangel mellom to menneske.
Dei fire andre verselinjene er frå den tredje strofa av "Du må ikke sove" (1937) av Arnulf Øverland. Denne delen av diktet handlar om korleis nazistane behandla det dei såg på som mindreverdige "rasar". Strofa har omsluttande rim.
Klarer du å dra verselinjene til riktig dikt og setje dei i riktig rekkefølge?
Oppgåve 3. Fyll inn orda
Nordahl Griegs dikt "Til ungdommen" frå 1936 er eit pasifistisk dikt som handlar om å kjempe mot vald med ord. Det er opphavleg eit antifascistisk dikt laga i mellomkrigstida.
Arbeidarpartiet har lenge brukt diktet som kampsong. Det blei på nytt aktuelt etter terrorangrepet på ungdomspartiet deira på Utøya i 2011. I dag er det mange som forbind diktet og songen med det som skjedde då.
Diktet har balladerim. Klarer du å fylle inn det siste ordet i kvar strofe i utdraget under?
Oppgåve 4. Kva ord manglar?
Lag eit dikt med omsluttande rim i fast form. Utelat eitt eller to rimord i kvar strofe. Byt med ein medelev og sjå om de klarer å finne ut kva rimord som manglar.
Oppgåve 5. Lag eit dikt
Jobb i par. Skriv ned åtte ord på eit ark. Desse skal partnaren din lage eit dikt av. Hen må sjølv finne ord som rimar. I tillegg skal du skrive kva for eit av dei fire rimmønstra, balladerim, kryssrim, omsluttande rim eller parrim, medeleven din skal bruke.