Øvelse
"Ord over grind"
Oppgåver til diktet "Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas (1907–1995). Moren Vesaas var ein kjend norsk lyrikar og gjendiktar av klassiske europeiske drama.
Diktet " Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas er henta frå samlinga I ein annan skog som kom ut i 1955.
Del 1. Teikn diktet
- Teikn diktet, slik du tolkar det
- Samanlikn teikninga di med ein annan i klassen og forklar kvarandre kvifor de valde å teikne det slik de gjorde
Del 2. Førsteinntrykk og oversikt
- Finn nokre adjektiv som kan karakterisere grunnstemninga i teksten.
- Kva trur du diktet handlar om? Svar med éi setning.
- Gjer kort greie for korleis diktet er bygd opp. Stikkord her er strofer, rim og rytme.
- Brukslyrikk, sentrallyrikk, allmenn tekst, personleg tekst, songlyrikk, boklyrikk: Vel merkelappar for diktet og forklar kvifor dei passar.
Del 3. Nærlesing
- Diktet handlar om forholdet mellom to personar. Kva slags metafor (bilete) bruker forfattaren for å vise kor nært forholdet er mellom dei to?
- Kva slags forhold trur du diktaren skildrar? Er det snakk om venskap, eit kjærasteforhold, eit forhold mellom forelder og barn? Eller seier diktet noko om mellommenneskelege forhold generelt? Prøv å grunngi svaret.
- Korleis har eg-personen opplevd møta med den andre?
- Det står ikkje nemnt direkte i diktet kvifor eg-personen vil "bu aleine i huset sitt". Kan du tenkje deg nokre grunnar?
- Finn eitt eller to sitat frå teksten som viser at eg-personen er nøgd med situasjonen og med forholdet til den andre.
Del 4. Oppsummering
- Har du fått bekrefta førsteinntrykket ditt av teksten, eller tolkar du han no på ein annan måte? Kva vil du no seie er temaet forfattaren tek opp?
- Kva trur du forfattaren vil formidle gjennom denne teksten? Svar kort.