Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Sjå nærare på ein lyrikkanalyse

Lær korleis du kan skrive ein god lyrikkanalyse gjennom å sjå nærare på ein modelltekst: ein analyse av Gro Dahles dikt "Hvem er det som ingen ser".

Til læraren

Før de gjer denne oppgåva, er det ein fordel om elevane har diskutert diktet "Hvem er det som ingen ser" av Gro Dahle. Du bør òg lese modellteksten med elevane før dei gjer oppgåvene under.

Oppgåvene skal hjelpe elevane å "dekonstruere" modellteksten slik at dei skjønner kva som kjenneteiknar ein god analyse.

Kva kjenneteiknar ein god lyrikkanalyse?

I denne modellteksten blir diktet "Hvem er det ingen ser" av Gro Dahle analysert.

Når du skriv analysar, er målet å

  • vise kva som er temaet i diktet

  • vise korleis temaet kjem til uttrykk gjennom verkemiddel

  • vise kvifor forfattaren bruker desse verkemidla

Altså: Målet med alt du skriv, er å vise korleis temaet kjem til uttrykk i teksten. Oppgåvene under skal hjelpe dykk med å forstå korleis de skal gå fram for å få til det, gjennom at de diskuterer ein modelltekst.

De skal gjere alle oppgåvene munnleg i grupper eller i par.

Del 1: Diskuter setningar om verkemidla

Sjå på avsnittet under. Nokre av setningane har som mål å beskrive funksjonen til verkemidla. Skrivaren viser korleis og kvifor forfattaren bruker verkemiddelet kontrast for å understreke temaet i diktet: at mor er ein hardtarbeidande slitar som må verdsetjast meir.

Ser de kva setningar det er?

Men aller tydelegast kjem temaet fram når det oppstår ein kontrast mellom metaforane i første og siste del av diktet. Mens mora i første del av diktet vart beskrive med ord som "havregrøt" og "fiskeskinn", er metaforane frå nest siste strofe nesten rojale. Metaforane "dronning" og "herskar" beskriv mora. Dessutan "krones" ho, men legg merke til at det ho blir krona i, er "smuler". Her endrar altså tonen om morsrolla seg. For sjølv om det er "smuler" ho blir krona i, så viser kontrasten mellom første og siste del av diktet at mor gjer ein uvurderleg jobb.

Fasit

Du finn setningane først og sist i avsnittet:

Men aller tydelegast kjem temaet fram når det oppstår ein kontrast mellom metaforane i første og siste del av diktet.

Her endrar altså tonen om morsrolla seg. For sjølv om det er "smular" ho blir krona i, så viser kontrasten mellom første og siste del av dikta at mor gjer ein uvurderleg jobb.

Tips: Kva setningar skal du unngå?

Sjå på setningane under. Dette er typiske setningar vi kan finne i elevanalysar av dikt. Kvifor er det liten vits i å skrive slike setningar i analysar?

  • Dette verkemiddelet gjer diktet lettare å lese.

  • Denne metaforen gjer diktet meir spennande.

  • Denne metaforen gjer at vi forstår temaet betre.

  • Metaforen skal fange lesaren og få henne til å sjå det for seg.

Svar

Problemet med slike setningar er at dei ikkje handlar om temaet i teksten. Vi kan kalle dei fyllsetningar. Det er setningar mange skriv fordi dei ikkje heilt veit kva dei skal skrive.

Del 2: Korleis bygge opp avsnitt?

Eit godt tips når du skal bygge opp avsnitt om verkemiddel i analysar, er å ha med desse tre elementa:

  1. Tema- og kommentarsetningar

    Temasetningane bør vise kva avsnittet skal handle om. Kommentarsetningar utdjupar.

  2. Sitat frå teksten for å grunngi

    Når du skriv om eit verkemiddel, bør du vise kvar i teksten verkemiddelet er. Då må du ha med sitat.

  3. Funksjonen til verkemiddelet

    Forklar korleis verkemiddelet får fram temaet i diktet.

Oppgåve: Finn tredelinga

Les avsnittet under. Diskuter kva setningar som er

  1. tema- og kommentarsetningar

  2. sitat som viser verkemiddelet

  3. setningar som viser funksjonen til verkemiddelet

Fasiten finn de på side 2 i presentasjonen under.

Del 3: Korleis lage gode temasetningar?

Sjå på modellteksten for diktanalysen på nytt, og les den første setninga i kvart avsnitt. Dette er temasetningar.

Diskuter korleis temasetningane

  • gir informasjon om kva avsnittet skal handle om

  • skaper god struktur i analysen

  • skaper flyt mellom avsnitta

Del 4: Korleis skape flyt i teksten?

I avsnittet under bruker skrivaren småord og frasar som . Klarer de å sjå kva ord det er?

Men aller tydelegast kjem temaet fram når det oppstår ein kontrast mellom metaforane i første og siste del av diktet. Mens mora i første del av diktet vart beskrive med ord som "havregrøt" og "fiskeskinn", er metaforane frå nest siste strofe nesten rojale. Metaforane "dronning" og "herskar" beskriv mora. Dessutan "krones" ho, men legg merke til at det ho blir krona i, er "smuler". Her endrar altså tonen om morsrolla seg. For sjølv om det er "smuler" ho blir krona i, så viser kontrasten mellom første og siste del av diktet at mor gjer ein uvurderleg jobb.

Fasit

Setningskoplarane i avsnittet over er desse:

men, mens, dessutan, her, altså, for sjølv om, så

Del 5: Korleis skrive innleiinga?

Innleiinga presenterer tekst, forfattar og tema. Skrivaren har valt å starte med eit sitat frå teksten, altså det vi kan kalle ei sitatinnleiing.

Diskuter:

  1. Korleis synest de sitatinnleiinga fungerer? Grunngi svara dykkar.

  2. Kva andre måtar å skrive innleiingar til analysar på kjenner de til?

"Det er moren det / som går i ett med skålene", skriv Gro Dahle i diktet "Hvem er det som ingen ser" (1994). Slik svarer ho allereie i første linje på spørsmålet som er tittelen til diktet. Diktet handlar nemleg om den rolla ei mor speler i livet vårt. Ei mor som vi kanskje ikkje ser eller legg merke til.

Del 6: Korleis skrive avslutninga?

Det er mange måtar å skrive avslutningar på. Kva vil de seie skrivaren gjer i denne avslutninga?

Temaet er absolutt allmenngyldig. Morsrolla går ikkje ut på dato. Og sjølv om dagens mødrer gjerne jobbar andre stader enn berre i heimen, så er det ofte dei som både vaskar og lagar mat. Gro Dahle vil med diktet sitt vise at vi burde setje meir pris på kvardagsslitet til mor.

"Fasit"

Her reflekterer skrivaren sjølvstendig over temaet i novella og seier noko om temaet er aktuelt. Legg merke til: Det er inga oppskrift for korleis du skal skrive avslutningar. I nokre tilfelle vil det verke rart å reflektere over om temaet er aktuelt i dag. Men eitt tips kan du ta med deg: Reflekter gjerne sjølvstendig i avslutningar av alle analysar.

Del 7: Korleis lage ein god tittel?

Diskuter:

  1. Kva kjenneteiknar gode titlar på analysar?

  2. Kvifor trur de modellteksten har tittelen "Eit kvardagsalter"?

"Fasit"

Ein god tittel viser kva som er temaet i teksten du analyserer. Han er dessutan kort og interessant.

"Eit kvardagsalter" er ei god overskrift til analysen av diktet "Hvem er det som ingen ser" fordi han viser temaet i diktet, og fordi lesaren blir nysgjerrig på kva eller kven dette kvardagsalteret er.

Tips

Vent med å lage tittel til teksten din er heilt ferdig. Då har du tenkt ordentleg gjennom kva som er temaet i diktet, og kva forfattaren vil fortelje. Først då kan du lage ein god tittel.


Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 25.11.2025