Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Utforsk eiga fleirspråklegheit

Kva betyr det at fleirspråklegheit er ein styrke? Utforsk korleis du sjølv bruker ulike språk, og korleis det kan hjelpe deg å lære,

Del 1: Diskuter

Diskuter i par eller grupper:

  • Kva er fleirspråklegheit?

  • Kor mange språk bruker du dagleg?

  • Kva for eit språk bruker du mest?

  • Kva for eit språk bruker du minst?

Del 2: Sjå filmen og svar på spørsmål

Lengde på filmen er 9:40.

Fleirspråklegheit – ein styrke! Video: Leidar / CC BY-SA 4.0
  1. No skal de skrive ferdig desse setningane. Jobb gjerne i par:

    • I denne filmen fortel professor Joke Dewilde om …

    • Dewilde meiner at …

    • I tillegg lærer vi at fleirspråklegheit er ein styrke fordi …

    • Vi får òg eit råd om å bruke førstespråket vårt når vi lærer om eit nytt tema, fordi …

  2. Teikn inn språka i eit for å vise kva slags forhold du har til dei ulike språka du kan. Kva språk vil du plassere nær hjartet? Kva språk høyrer til i hovudet? Bruk gjerne fargar!

Del 3: Skriv sjølv

Tenk på fleirspråklegheita di som ein ressurs. Skriv ned tankar om kvifor dette er positivt i ein tekst. Bruk gjerne desse setningsstartarane:

  • Eg er ein fleirspråkleg person fordi eg snakkar …

  • Heime bruker eg …

  • Saman med venner bruker eg …

  • På skulen snakkar eg …

  • I den framtidige jobben min trur eg at ...

Gi teksten din tittelen "Eg – ein fleirspråkleg person".


Del 4: Fleirspråklegheit i arbeidslivet

Diskuter i grupper:

  1. Kva er fordelen med å vere fleirspråkleg?

  2. På kva måte er det ein fordel å vere fleirspråkleg i det framtidige yrket ditt? Lag ei liste med forslag.

  3. Del forslaga i klassen.

  4. Gå saman i grupper og vel anten oppgåve a eller b:

    1. Lag eit som viser situasjonar der fleirspråklegheit er ein .

    2. Lag ein der de fleirspråklegheit i kvardagen og i arbeidslivet.

Til lærar

Ein podkast kan spelast inn ganske enkelt på ein mobiltelefon, eller de kan prøve meir avanserte verktøy som gratis-programmet Audacity. Du kan lese meir om korleis det blir gjort i artikkelen "Korleis lage ein podkast?" frå faget Medieuttrykk 1.

Skrive av Jeanette Vik Selven.
Sist oppdatert 12.05.2025