Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Semantisk kart: Litteratur

Eit semantisk kart er ei oversikt over ord som handlar om det same temaet. Når du jobbar med semantiske kart, får du større ordforråd. I denne oppgåva skal du lære fleire ord om temaet litteratur.

Del 1: Studer eit semantisk kart

Når vi snakkar om semantikk, snakkar vi om kva ord betyr. Eit semantisk kart er ein type tankekart som viser ord og idéar om eit tema. Det hjelper deg med å forstå og hugse betydninga av ord, og korleis dei heng saman.

Under ser du eit semantisk kart om litteratur.

Sit i grupper.

  1. Sjå på det semantiske kartet over. Prøv å forklare dei orda som handlar om litteratur.

  2. Bla i fagpresentasjonen og les forklaringane på orda.

  3. Diskuter slik at de veit at de forstår orda. Spør læraren viss de treng fleire forklaringar.

  4. Prøv å omsetje orda til førstespråket dykkar.

Del 2: Har du forstått orda?

Jobb åleine.

Plasser forklaringane i dei rette boksane.

Del 3: Spel Alias

  • Gå saman fire og fire. Lag to lag med to elevar på kvart lag.

  • Klipp ut korta frå Word-fila og legg dei med teksten ned.

Spelereglar

  • Lag nummer 1 startar.

  • Éin på laget trekker ein lapp og skal forklare ordet utan å seie ordet sjølv.

  • Den andre på laget skal rett ord.

  • Viss svaret er rett, får laget lappen.

  • Viss svaret er feil, får ikkje laget lappen og må legge han til side.

  • De får berre éin sjanse per lapp!

Tid

  • Kvart lag har eitt minutt per runde.

  • Etterpå byter de. Då skal det andre laget forklare.

Mål

  • Laget som klarer flest rette lappar på eitt minutt, vinn runden!

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 04.06.2025