Lag di eiga ordbok

Oppgåve
Del 1: Sjå på andre ordbøker
I fagartikkelen "Bruk digitale ordbøker" kan du lære om ulike ordbøker. Undersøk korleis ord og omgrep er lagde inn i ordbøkene som det er skrive om i artikkelen. Kva slags informasjon finn du? Vel ord du lurer på, eller bruk nokre av desse: "novelle", "metafor", "refleksjon".
Diskuter gjerne med ein medelev:
Kva får du vite om ordet eller omgrepet?
Er det forklart godt?
Finst det døme? Bilete?
Kan du sjå ordet eller omgrepet på fleire språk?
Kva hadde du ønskt deg av meir informasjon i ei ordbok?
Del 2: Lag eiga ordbok
Du skal nå lage di eiga liste med ord som du samlar til ei ordbok. Det er fleire måtar å lage ho og sortere orda på. Du vel kva som passar deg best. Du kan til dømes legge inn ord alfabetisk. Då får du ei ordbok som liknar dei offisielle ordbøkene, men du kan òg sortere ord etter tema eller tekstar du jobbar med.
Bestem deg for korleis du vil lage listene:
Korleis vil du sortere orda – etter tema eller alfabetisk?
Kva for språk vil du bruke?
Vil du vise døme som tekst og/eller bilete?
Under kan du sjå eit døme på ei ordliste. Det er lagt inn ord på norsk og førstespråket til eleven, bilete som viser kva det er, og setningar der orda blir brukte.
Ord /frase | Ukrainsk | Bilete | Forklaring/døme |
|---|---|---|---|
Bord | стіл | ![]() | Eg pleier å ha blomstrar på bordet. |
Lyn | блискавка | ![]() | Det lyner før det kjem tore og regn. |
Mann | чоловік | ![]() | Eg er mann. |
Å hoppe | стрибати | ![]() | Du kan hoppe opp, eller du kan hoppe utfor noko. Guten hoppar i vatnet. |
Å sove | спати | ![]() | Det er best å sove i senga på natta. |
Del 3: Ord og omgrep du møter i kvardagen
Når du skal øve no, begynner du med å skrive ned ord du møter på når du er på skulen eller i jobb. Bruk gjerne desse kategoriane:
fagspråk
dialektord
idiom (faste uttrykk du ikkje kan forstå bokstaveleg)
andre ord eg vil lære
Døme på ordliste
Dette er ei tematisk ordliste som tek for seg ord du møter som lærling. Her er orda òg sett opp alfabetisk.
Ord /frase | Arabisk | Forklaring på norsk | Døme |
|---|---|---|---|
Tilsette | موظف: شخص يعمل بشركة. | dei som jobbar på ein arbeidsplass | Det er over tjue tilsette i bedrifta. |
Bedrift | شركة: مكان للعمل | ein arbeidsplass | Det er mange som jobbar i denne bedrifta. |
Lærling | المُتَدِّرب: شخص يقوم بالتَّدَرُّب على مهنة لدى إحدى الشركات. المتدرب يقوم بتَعَلُّم المهنة من خلال العمل فيها. | ein person som har opplæring i ei bedrift, og som lærer yrket ved å jobbe | Vi er to lærlingar som jobbar her. |
Yrkesgruppe | مجموعة مهنية: مجموعة من الأشخاص لديهم نفس التعليم الرسمي. | menneske som har den same utdanninga | Tømrarar er i same yrkesgruppe. |
Del 4: Pugg og lær ord!
No skal du jobbe med ei av ordlistene du har laga.
Start med å lese gjennom og sjå på forklaring, bilete og så vidare.
Lukk auga og forklar for deg sjølv kva dei ulike orda betyr. Du kan anten skrive det ned, eller du kan snakke inni deg (utan lyd).
Gå saman i par og byt ordlister. Kor mange av orda eller omgrepa har de klart å lære dykk? Skift på å sjekke kva den andre hugsar Du kan seie at du kan eit ord når du klarer å forklare det slik at ein medelev forstår.
Relatert innhald
Lag di eiga ordbok.




