Semantisk kart: Litteratur
Del 1: Studer eit semantisk kart
Når vi snakkar om semantikk, snakkar vi om kva ord betyr. Eit semantisk kart er ein type tankekart som viser ord og idéar om eit tema. Det hjelper deg med å forstå og hugse betydninga av ord, og korleis dei heng saman.
Under ser du eit semantisk kart om litteratur.
Sit i grupper.
Sjå på det semantiske kartet over. Prøv å forklare dei orda som handlar om litteratur.
Bla i fagpresentasjonen og les forklaringane på orda.
Diskuter slik at de veit at de forstår orda. Spør læraren viss de treng fleire forklaringar.
Prøv å omsetje orda til førstespråket dykkar.
Del 2: Har du forstått orda?
Jobb åleine.
Plasser forklaringane i dei rette boksane.
Del 3: Spel Alias
Gå saman fire og fire. Lag to lag med to elevar på kvart lag.
Klipp ut korta frå Word-fila og legg dei med teksten ned.
- Alias om litteratur(DOCX)
Spelereglar
Lag nummer 1 startar.
Éin på laget trekker ein lapp og skal forklare ordet utan å seie ordet sjølv.
Den andre på laget skal gjette rett ord.
Viss svaret er rett, får laget lappen.
Viss svaret er feil, får ikkje laget lappen og må legge han til side.
De får berre éin sjanse per lapp!
Tid
Kvart lag har eitt minutt per runde.
Etterpå byter de. Då skal det andre laget forklare.
Mål
Laget som klarer flest rette lappar på eitt minutt, vinn runden!