Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Tilleggsstoff

Lag ordbok om kroppen

I denne oppgåva skal de lage dykkar eiga ordbok. Målet er å lære ord om kva vi gjer med kroppen.

Kva skal du gjere?

Du skal lage ei ordbok om kva vi gjer med kroppen. Lenger nede i ressursen finn du orda du skal bruke i ordboka.

Kvifor skal eg gjere det?

Målet med denne oppgåva er å lære fleire ord, og då spesielt ord som betyr nesten det same. Veit du til dømes kva som er forskjellen på desse fire verba?

  • å spasere

  • å springe

  • å løpe

  • å spurte

Alle orda handlar om å bevege seg framover på beina, men det er noko forskjell på dei. Etter å ha jobba med denne oppgåva, skal du kunne fleire ord om kva vi gjer med kroppen.

Del 1: Verb om kroppen

Under ser du mange verb om kva vi gjer med kroppen.

  1. Søk opp dei orda du er usikker på kva betyr i Lexin eller ei anna ordbok.

  2. Skriv opp kva ordet betyr på førstespråket ditt.

  3. Lag ei eksempelsetning med verbet på førstespråket ditt. Set så om til norsk.

Tema 1: Auga

  • ser

  • tittar

  • glanar

  • kikkar

Tema 2: Øyra

  • høyrer

  • lyttar

  • overhøyrer

Tema 3: Nasen

  • snusar

  • pustar

  • nys

  • snufsar

  • snorkar

Tema 4: Munnen

  • tygg

  • svelger

  • smattar

  • slikkar

  • kviskrar

Tema 5: Hendene

  • kjenner

  • klappar

  • grip

  • gnir

Tema 6: Føtene

  • hoppar

  • sparkar

  • trippar

  • hinkar

Tema 7: Hovudet

  • nikkar

  • ristar

  • reflekterer

  • gløymer

Tema 8: Halsen

  • svelger

  • hostar

  • harkar

  • kremtar

Del 2: Mimeleik

Avslutt med ein mimeleik. Mimeleik er ein leik der du viser noko med kroppen utan å seie noko. Du skal late som du gjer noko, til dømes å svelge, reflektere eller sparke. Dei andre skal kva for eit ord du mimar.

Del 3: Finn på eigne tema

Kva for tema vil de gjerne lære fleire ord om? Gå saman i grupper og foreslå 1–2 tema de kan lage ordbok om.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 13.12.2024