Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Er det greitt å banne?

Kva er banneord, og kva skjer viss du bruker dei? Les ein tekst om banning og samanlikn banneord frå ulike språk.

Til læraren

Målet med oppgåveressursen er at elevane med norsk som andrespråk skal lære seg nyansane i vanlege norske banneord. Då kan elevane lettare unngå å komme opp i situasjonar der dei bommar på kva slags ord dei bruker på arbeidsplassen, i fritida og på skulen.

Vi vaksne kan gjerne oppmuntre til å unngå banning i størst mogleg grad. Likevel er det viktig for elevar med norsk som andrespråk å vite kva somme av banneorda betyr. Då kan dei lettare forstå både heftige diskusjonar og når folk uttrykker kjenslene sine. Dette gjeld i eige liv, på sosiale medium, tv, radio og i skrivne tekstar.

Del 1: Førlesing: Kva er banning?

Sjå humorvideoen frå NRK om banning (lengde 1:18)

Svar munnleg i gruppe på spørsmåla under:

  1. Kva er banning?

  2. Bannar du, og i så fall når?

  3. Bannar nokon du kjenner? Kva tenker du om det?

  4. Kjenner du til nokon som reagerer annleis på banning enn deg sjølv? Kva er grunnen til det, trur du?


Del 2: Les ein tekst om banning

Jobb munnleg saman to og to. Ha ei felles oppsummering i klassen til slutt.

Les teksten "Språkmagi – utdrag om banning og tabuord" av Helene Uri høgt for kvarandre. Byt på kven som les. Svar på spørsmåla under når de har lese teksten:

  1. Helene Uri nemner situasjonar der nokon gjerne banner. Kva for situasjonar er det?

  2. Korleis forklarer Helene Uri ordet tabu? Prøv å forklare omgrepet for kvarandre med eigne ord.

  3. Kva for nokon ulike tabu nemner Uri?

  4. Kva er tabu i kulturane de kjem frå?

  5. Kva for nokon norske banneord kjenner de igjen frå denne teksten?

  6. Kva for banneord kjenner de frå eige førstespråk? Er banneorda knytte til religion, sex, dyr eller noko anna?

  7. Er det nokon banneord frå teksten som liknar på banneord du kjenner frå førstespråket ditt? Kva er i så fall likt?

  8. Kva meiner Helene Uri med nestenbanning? Vis til døme frå teksten og eventuelt andre døme de kjenner til.

  9. Er det rett å seie at kva som er banning, er ulikt frå kultur til kultur? Forklar svaret ved å bruke døme.

  10. Somme meiner at mykje banning øydelegg språket, eller at det viser at personen som bannar mykje, har eit dårleg utvikla språk. Kva tenker du om dette? Grunngi svaret ditt.


Del 3: Diskuter ulike banneord

Jobb munnleg saman to og to. Diskuter spørsmåla under ut frå illustrasjonen av norske banneord.

Banneord i illustrasjonen

I illustrasjonen "Norske banneord rangert etter styrke" er norske banneord plasserte etter kor sterke dei er: Fargen raud viser eit sterkt banneord, oransje eit middels banneord og fargen grøn eit mildt banneord.

Banneord som står under raudt er: faen, helvete, fitte, satan, kuk, hore, jævla, bitch, fitte, fuck, forpulte.

Ord som står under oransje er: pokker, ræva, forbant, pikk, drit, jævla, bæsj.

Ord som står under grøn er: søren, herregud, guri malla, filleren, fy søren, dæven, fy fader, fy farao, jøss, fyttikatta, fy flate, fyttirakkaren, helsike, fyttigrisen, forbaska, steike, helgoland, svarte.

  1. Kva for banneord kjenner de til frå før, og kva for nokon er ukjende?

  2. Er de einige i korleis banneorda er plasserte etter styrke?

  3. Kan de nokon norske banneord som manglar her? Kvar vil de plassere dei på skalaen frå til sterk?

Del 4: Lær betydninga av norske banneord

Til læraren

De kan bruke fila med oversikt over vanlege banneord til å fylle inn fleire ord når de svarer på oppgåve B.

  1. I fila under er det ei oversikt med forklaring og døme på banneorda som er brukte i del 3. Les gjennom forklaringane og døma.

  2. Kva for banneord saknar de i oversikta? Fyll på fleire ord i eit fellesdokument. Skriv inn betydning og døme på forslaga dykkar.

Del 5: Banneord i litteraturen

Ein forfattar kan la ein av i boka si banne for å få fram kjenslene hos karakteren. Det er lettare å forstå desse kjenslene når du forstår betydninga av banneorda.

Jobb saman to og to. Svar munnleg på oppgåvene under.

  1. Les gjennom dei to sitata under. Korleis får banneorda "helvete" og "faen" fram korleis personane kjenner seg?

  2. Kva er det som forandrar seg i dei to tekstane viss banneorda ikkje er med?

Tekst 1

"Du skrek så høyt, Tarjei. Du har skreket i flere minutter. Hva i helvete er det du drømmer, spurte hun og klarte ikke å stoppe å gråte" (Flatland, 2017, s. 15).

Tekst 2

"Lea slipper hendene til Oliver og reiser seg med et rykk. Hun slår Aksel hardt i armen.

'Hva faen, er du gal?' skriker han" (Krag, 2021, s. 28).

Del 6: Diskuter om det er greitt å banne

Jobb saman to og to. Diskuter dette:

  1. Er greitt å banne framfor nokre av personane i forslaga under?

  2. Kva for banneord er i så fall greie å bruke, tenker de?

  3. I kva for situasjonar vil det vere greitt? I kva for situasjonar vil det ikkje vere greitt?

    • barn

    • eldre folk

    • venner

    • kundar

    • lærarar

    • kollega

    • foreldre

    • kjæraste

    • dommar på ein kamp

    • tilsette på kollektivtransport som buss eller tog

  4. Samanfatt i felleskap i klassen.


Del 7: Fem på skulen-intervju

  1. Førebu dykk til "fem på skulen-intervju" felles i klassen først. Temaet for intervjuet er banning.

    • I intervjuet skal du stille same spørsmålet til fem ulike personar på skulen. Skriv forslag til spørsmål til intervjua på tavla.

    • Unngå spørsmål det går an å svare anten ja eller nei på. Då får de berre korte svar.

  2. Vel eit av spørsmåla frå tavla som du har lyst å bruke.

    • Gjer eit "fem på skulen-intervju" der du stiller fem ulike personar dette spørsmålet. Noter ned eller ta opp svara.

  3. Presenter svara frå "fem på skulen-intervjuet" for klassen eller for ei lita gruppe i klassen.

Kjelder

Flatland, H. (2017). Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Aschehoug.

Krag K.A. (2021). Litt redd, bare. Gyldendal.

Relatert innhald

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 28.03.2025