Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Bruk KI-bilete til å lage bilettema

I denne oppgåva skal de lage dykkar eiga digitale ordbok med bilete. Målet er å lære ord om kva vi gjer med kroppen og lage bilete med hjelp frå KI.

Kva skal du gjere?

Du skal lage ei digital ordbok med bilete laga av kunstig intelligens. Lenger nede i ressursen finn du orda du skal bruke i ordboka.

Kvifor skal eg gjere det?

Målet med denne oppgåva er å lære fleire ord, og då spesielt ord som betyr nesten det same. Veit du til dømes kva som er forskjellen på desse fire verba?

  • å spasere

  • å springe

  • å løpe

  • å spurte

Alle orda handlar om å bevege seg framover på beina, men det er noko forskjell på dei. Sjå på bileta som er laga av KI under. Les òg forklaringa under biletet. Hjelper biletet og forklaringa deg til å forstå forskjellen?

Å spasere – spaserer – spaserte – har spasert

Å springe – spring – sprang – har sprunge

Å spurte – spurtar – spurta – har spurta

Å løpe – løper – løpte – har løpt

Å visualisere, altså å lage bilete av noko, kan gjere det lettare for deg å forstå og hugse ord.

Del 1: Verb om kroppen

  1. Fordel dei ulike temaa under mellom dykk. Det held med eitt eller to emne for kvar elev.

  2. Søk opp dei orda du ikkje er sikker på kva betyr i Lexin eller ei anna ordbok.

  3. Skriv opp kva ordet betyr på førstespråket ditt.

  4. Logg deg inn på NDLA med Feide.

  5. Vel NDLAs praterobot og gå vidare til biletroboten.

  6. Lag ein instruks du kan bruke i biletroboten for å få han til å lage bilete. Du kan skrive på norsk eller på førstespråket ditt. Det viktigaste er at du bruker ordet du skal illustrere i instruksen. Eit døme på ein instruks kan vere:

    Teikn det norske verbet "å springe" ved å vise ein person som spring i typisk norsk natur. Personen skal ha treningsklede og bevege seg fort langs ein skogsti eller ved ein fjord med fjell i bakgrunnen.

  7. Lim biletet inn i eit dokument på pc-en din. Skriv bøyinga av verbet, kva ordet heiter på førstespråket ditt og lag ein definisjon. Sjå på dømet med bileta over viss du er i tvil om korleis du skal gjere det.


Tema 1: Auga

  • ser

  • tittar

  • glanar

  • kikkar

Tema 2: Øyra

  • høyrer

  • lyttar

  • overhøyrer

Tema 3: Nasen

  • snusar

  • pustar

  • nys

  • snufsar

  • snorkar

Tema 4: Munnen

  • tygg

  • svelger

  • smattar

  • slikkar

  • kviskrar

Tema 5: Hendene

  • kjenner

  • klappar

  • grip

  • gnir

Tema 6: Føtene

  • hoppar

  • sparkar

  • trippar

  • hinkar

Tema 7: Hovudet

  • nikkar

  • ristar

  • reflekterer

  • gløymer

Tema 8: Halsen

  • svelger

  • hostar

  • harkar

  • kremtar

Del 2: Lag ei utstilling

Lag ei utstilling med alle bileta og definisjonane. De kan anten skrive dei ut og henge dei i klasserommet eller lage eit klassedokument som de deler med kvarandre.

I tillegg kan kvar elev presentere orda og bileta sine og forklare kva dei betyr.

Avslutt med å vurdere kva for verb de meiner KI laga gode illustrasjonar av, og kva for nokon av dei som ikkje fungerte.

Del 3: Mimeleik

Avslutt med mimeleik. Mimeleik er ein leik der du viser noko med kroppen utan å seie noko. Du skal late som du gjer noko, til dømes svelger, reflekterer eller sparkar. Dei andre i klassen skal kva for eit ord du mimar.

Del 4: Finn på eigne bilettema

Kva tema vil de gjerne lære fleire ord om? Gå saman i grupper og foreslå 12 tema de kan bruke KI til å lage bilettema om.

Relatert innhald

Bruk Bildetema

Lær korleis du kan bruke "Bildetema" til å utvide ordforrådet ditt.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 29.01.2025